| Søknadsfrist: |
01.11.2026
|
| Søknadsfrist: |
21.10.2026
|
| Søknadsfrist: |
2710.2026
|
| Søknadsfrist: |
11.10.2026
|
| Søknadsfrist: |
13.09.2026
|

Har du lyst å arbeide i ei aktiv avdeling med spennende arbeidsoppgåver? Langtidsavdelinga vår er eit bu- og behandlingstilbod ved Sulatunet til mennesker som ikkje lenger kan bu heime. Avdelinga har 28 bebuarar, stort sett eldre. Personalet legg vekt på å gi bebuarane trygge rammer heile døgnet. Bebuarane får tildelt hjelp og omsorg etter individuell vurdering.
Sulatunet har lyse og gode lokaler å arbeide i. Vi ligg ved sjøkanten i Langevåg sentrum, noko som gir gode moglegheiter for uteaktivitetar.
Avdelinga har flinke, engasjerte fagfolk og spennande arbeidsoppgåver. Vi er innovative, det blir nytta velferdsteknologi og vi har nyleg innført Helseplattformen.
Avdelinga skal endre fokus i retning av aktivitet og forebygging av inaktivitet.
Vi oppmodar sjukepleiar- og vernepleiarstudentar i 3.året om å søke på den ledige stillinga, da vi har gode stipendordningar
Kontaktinformasjon
Bente Mariann Strømmen
Avdelingsleiar langtidsavdelinga
Telefon:90153607
E-post:Bente.Mariann.Strommen@sula.kommune.no
Grethe Juul Molvær
Einingsleiar
Telefon:95710256
E-post:grethe.juul.molvaer@sula.kommune.no
Sula kommune ligg sentralt til på Sunnmøre med Ålesund som næraste nabo. Kommunen har omlag 9300 innbyggjarar kor omlag halvparten bur i kommunesenteret Langevåg. Med eit areal på 59 km² er Sula ei av dei minste og mest folketette kommunane i fylket. Kommunen er ei vekstkommune med stor aktivitet, eit rikt kulturliv og med gode høve til å dyrke friluftsliv. Sula kommune ønskjer å vere ein attraktiv arbeidsgjevar som kan rekruttere, utvikle og halde på dyktige medarbeidarar. Rådmannen si leiargruppe består i dag av rådmann, stabssjef, økonomisjef og tre kommunalsjefar. Desse er nøkkelpersonar for at våre omlag 650 dyktige og engasjerte medarbeidarar skal kunne utføre viktige oppgåver for innbyggjarane og samfunnet. Sjå hjemmeside for meir informasjon om Sula kommune.