Skip to main content

Sula kommune ligg sentralt til på Sunnmøre med Ålesund som næraste nabo. Kommunen har omlag 9300 innbyggjarar kor omlag halvparten bur i kommunesenteret Langevåg. Med eit areal på 59 km² er Sula ei av dei minste og mest folketette kommunane i fylket. Kommunen er ei vekstkommune med stor aktivitet, eit rikt kulturliv og med gode høve til å dyrke friluftsliv. Sula kommune ønskjer å vere ein attraktiv arbeidsgjevar som kan rekruttere, utvikle og halde på dyktige medarbeidarar. Rådmannen si leiargruppe består i dag av rådmann, stabssjef, økonomisjef og tre kommunalsjefar. Desse er nøkkelpersonar for at våre omlag 650 dyktige og engasjerte medarbeidarar skal kunne utføre viktige oppgåver for innbyggjarane og samfunnet. Sjå hjemmeside for meir informasjon om Sula kommune.