| Søknadsfrist: |
05.08.2026
|
| Søknadsfrist: |
26.07.2026
|
| Søknadsfrist: |
09.08.2026
|
| Søknadsfrist: |
09.08.2026
|
| Søknadsfrist: |
Snarast
|
| Søknadsfrist: |
09.08.2026
|

På Ulvik Omsorgstun arbeidar me kvar dag for å gi innbyggjarane våre trygge og gode
helse- og omsorgstenester. No søkjer me ein sjukepleiar som vil vere med i eit lite
fagmiljø med godt samarbeid og høg fagleg kvalitet.
Om stillinga
Som sjukepleiar på Ulvik Omsorgstun har du varierte oppgåver på sjukeheim og i heimetjenesta. Du har for tida arbeid kvar fjerde helg med arbeidstid på dag og kveld og beredskapsvakter på natt. Noko som ofte gir gode friperioder i turnusen.
Oppgåver
Kvalifikasjonar
Må-krav
Ynskja kvalifikasjoner
Personleg eignaheit vert vektlagt
Kven ser me etter?
Me ser etter deg som
Me tilbyr
Kvifor jobbe hos oss?
Helse og velferd i Ulvik herad er ei eining med om lag 40 årsverk. Tenestene omfattar sjukeheim, heimesjukepleie, legekontor og helsestasjon, heimehjelp, fysioterapi og ergoterapi, psykisk helse og rus og dagtilbod.
Me har lokalar i Ulvik sentrum og på Ulvik Omsorgstun som var nytt i 2020. Som tilsett hos oss vert du del av eit arbeidsmiljø med flotte folk og stort mangfald i både alder, kjønn, utdanning, erfaring og bakgrunn.
Om Ulvik
Idyllisk plassert inst i Hardangerfjorden finn du Perla i Hardanger - Ulvik.
Spektakulær natur frå fjord til fjell og bre inviterar til friluftsliv heile året. Me har aktive kultur- og idrettsmiljø, frukt- og sidertradisjonar og eit rikt kulturliv.
Meir informasjon finn du på Ulvik kommune og Hardanger | Ulvik (hardangerfjord.com)
Spørsmål om stillingen
Kontaktperson: Caroline Pedersen
Stillingstittel: Avdelingsleiar Ulvik omsorgstun
Mobil: 40 00 71 84
Ulvik herad ligg ved Hardangerfjorden og er omkransa av flotte skog- og fjellområde som innbyr til tur- og friluftsliv heile året og eit yrande badeliv om sommaren. Me har eit aktivt idretts- og kulturliv, med flotte anlegg for leik og idrett både sommar og vinter. Kulturlivet i bygda blømer med poesifestival, fiskefestival, blueshelg og oktobertorg - og mykje meir! Haugesenteret er vårt dokumentasjonssenter for Ulvikforfattaren Olav H. Hauge sitt forfattarskap.
Heradet har eit godt utbygt tenestetilbod, med full barnehage- og SFO-dekking. Ciderruta ligg i Ulvik herad, som også er ein Cittaslowkommune. Meir informasjon om Ulvik herad og om Cittaslow finn du på vår heimeside www.ulvik.kommune.no.