| Søknadsfrist: |
09.08.2026
|
| Søknadsfrist: |
09.08.2026
|

Åheim bufellesskap ligg idyllisk til ved elva i Tokke kommune. Eininga yter tenester til menneske med ulike funksjonsvariasjonar i alle aldrar, både til dei som bur i bufellesskapet og til heimebuande. Her jobbar det vernepleiarar, fagarbeidarar og assistentar i årsturnus med lange vakter. Me arbeider for at tenestemottakar skal ha eit meiningsfylt liv med moglegheitar til deltaking i samfunnet på lik linje med andre.
Me har også eit dagsenter/tilrettelagt arbeidsplass som heiter BABU. Motto vårt er; "Me sprer gleder". Der arbeider me med ulike oppgåver som henting og sortering av tomgods, vedproduksjon, vedlikehald av grøntareal, ulike tenestar for kommunen og prosjekt for å spreie gleder i bygda.
- Eit godt arbeidsmiljø med gode arbeidskollegaer
- Spanande og variert arbeidskvardag , med interessante arbeidsoppgåver
- God opplæring
- Godt fagleg miljø og moglegheit for fagleg utvikling
- Gode kommunale arbeidsvilkår
- Løn etter avtale
- Gode pensjonsordningar i KLP
- Ein av Noregs finaste kommunar som arbeidsstad!
Andre opplysningar:
- Stillinga inneber arbeid i årsturnus med 12-timars vakter og arbeid kvar 4.helg. Om du ynskjer ekstra helger i årsturnus vert dette kompansert med 1500,- pr. vakt.
- Bilkøyring på tilrettelagt arbeidsplass og køyring av tenestemottakar til aktivitetar er ein del av arbeidsoppgåvene.
- Dersom du får tilbod om stillinga, må du legge fram politiattest som ikkje er eldre enn 3 mnd.
- Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med lovar, regelverk, avtaler og kommunale vedtak.
Tokke kommune er oppteken av mangfald, og oppfordrar difor alle som er kvalifisert til å søkje uansett alder, kjønn, nedsett funksjonsevne og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.
Tokke kommune ligg i Vest-Telemark, midt mellom aust- og vestlandet. Kommunen har 2160 innbyggjarar og eit areal på 980 km2. Det er om lag 3,5 timar køyring til Oslo og 2 timar til fylkeshovudstaden Skien. Kommunehuset er lokalisert på Dalen, i nærleiken av det historiske Dalen Hotel og Telemarkskanalen.
Me er ein kraftkommune og Statkraft Region Sør-Noreg har eitt av sine to regionkontor i kommunen. I Tokke ligg òg Vest-Telemark vidaregåande skule.
Tokke har eit aktivt kulturliv med mange frivillige lag som nyttar kulturhus, grendehus og idrettsanlegg. Den siste flotte innsats som vi har i Tokke er eit kunstverk av ei badstoga, Soria Moria, blinkande som eit smykke i Bandak.