| Søknadsfrist: |
05.08.2026
|
| Søknadsfrist: |
05.08.2026
|

Me søkjer ein engasjert og fagleg trygg vernepleiar til 100 % fast stilling i langvaktturnus med arbeid kvar fjerde helg. Dette er ei spanande stilling for deg som ønskjer å bruke kompetansen din og vere med på å utvikle gode, målretta og trygge tenester.
Stillinga er i hovudsak knytt til éin tenestemottakar, og me ser etter deg som har kjennskap til helse- og omsorgstenestelova kapittel 9. Du vil få ein viktig rolle i å skape føreseielege rammer, gode relasjonar og ein meiningsfull kvardag.
Sjukepleiarar kan òg bli vurderte og oppstart er etter avtale.
Prestbrekka bufellesskap ligg sentralt på Manger og er heim for ni personar med ulike bistandsbehov. Hos oss er målet å gi tenester med høg fagleg kvalitet, tilpassa den einskilde, slik at bebuarane får ein trygg, aktiv og best mogleg kvardag.
Du blir del av eit tverrfagleg arbeidsmiljø med vernepleiarar, sjukepleiarar, miljøterapeutar, helsefagarbeidarar og assistentar. Me legg vekt på samarbeid, fagutvikling og at medarbeidarane våre skal oppleve meistring og utvikling i jobben.
Me søkjer deg som er
Det er eit føremon om du har erfaring med autisme og åtferd som utfordrar. Det er viktig at du har god fysisk helse og trivst i ein aktiv arbeidskvardag.
Me trur du vil trivast hos oss dersom du:
Habiliteringstenester i Alver kommune gir tenester til personar med nedsett funksjonevne/utviklingshemming. Tenestene vert gitt i den einskilde sin heim, ved arbeids- og aktivitetsenter, og som ulike former for avlasting for familiar med born/unge med omfattande behov for omsorg.
Lene Christensen
Einingsleiar
+4799477375
lene.christensen@alver.kommune.no
Alver kommune er ein heilt ny kommune! Vi ein av dei største kommunane i fylket med ca 30.000 innbyggjarar og 2650 tilsette. Vi treng fleire engasjerte og kompetente medarbeidarar!