
Vi har behov for juridisk kompetanse, og vurderer å tilsette inntil to nye medarbeidarar. Stillinga høyrer for tida til eininga Kommuneadvokaten. I stillinga vil du jobbe tett mot leiinga og ta del i viktige avgjerdsprosessar for utviklinga av kommunen. Det kan også vere aktuelt med prosedyre for domstolane.
Arbeidsoppgåvene blir tilpassa etter interesser og kvalifikasjonar. Vi er særskilt ute etter erfaring og interesse for offentleg anskaffingar, kontraktrett eller barnevernrett.
Det kan vere moglegheit for autorisering som advokatfullmektig.
I Sunnfjord kommune tilbyr vi fleksibel arbeidstid og gode moglegheiter til å tilpasse arbeidskvardagen. Tilsette er medlem i offentleg pensjonsording og tariffesta forsikringsordning.
Vi tilbyr konkurransedyktig løn etter kvalifikasjonar og erfaring.
Ta gjerne kontakt for ein uformell samtale.
Velkomen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!
Kontaktperson:
Bjørnar Ring Karlsen
Stilling: Kommuneadvokat
mob: +47 952 28 204
E-post: bjornar.ring.karlsen@sunnfjord.kommune.no
Sunnfjord kommune ligg sentralt i Vestland fylke, og tilbyr rike naturopplevingar frå fjord til bre. Kommunen har om lag 22 000 innbyggarar, og er sentrum for handel, service og utdanning i regionen. Kulturlivet er variert med teater, kino, konsertar og utstillingar. I kommunen er det breitt tilbod av bustadar og tomter.