| Søknadsfrist: |
03.09.2026
|
| Søknadsfrist: |
03.09.2026
|

Vil du vere med og vidareutvikle ein liten kommune med store ambisjonar?
Nissedal kommune søkjer ein tydeleg og utviklingsorientert organisasjonssjef. Stillinga skal bidra til å styrke leiing, samordning og organisasjonsutvikling i kommunen.
Som organisasjonssjef vil du vere ein nøkkelperson i arbeidet med å utvikle gode strukturar, styrke leiarskap og sikre effektiv drift i ein organisasjon der kort veg frå idé til handling er eit stort fortrinn. Du rapporterer til kommunedirektøren og inngår i kommunedirektøren si leiargruppe.
Som organisasjonssjef vil du ha eit overordna ansvar for å styrke kommunen sine interne funksjonar og utvikle organisasjonen. Sentrale oppgåver vil vere:
Kommunen si Fellesteneste med sju årsverk ligg under organisasjonssjefen
Organisasjonssjefen vil vere kommunen sin folkehelsekoordinator
Oppgåvene vil kunne utvikle seg i takt med kommunen sine behov.
Vi søkjer deg som har:
For kandidatar med særleg relevant erfaring kan delar av kvalifikasjonskrava fråvikast.
Vi ser etter ein trygg og relasjonssterk leiar som:
Personleg eignaheit vil bli vektlagt.
Hos oss får du ein sentral posisjon i utviklinga av Nissedal kommune.
Vi tilbyr:
Sverre Sæter, Kommunedirektør, +47 35048402
Nissedal kommune ligg sør i Vest-Telemark, og er ein kommune i vekst. Treungen er administrasjonsstaden, og andre tettbygde stader er Kyrkjebygda, Fjone, Haugsjåsund og Felle.
Namnet Nissedal kjem frå innsjøen Nisser. Frå gamalnorsk blei Nisser kalla «Niðsær», der fyrste del «Nið» tyder «brusande», medan andre del «sær» tyder «sjø».
Nisser er ein av dei største innsjøane i Telemark og er eit dominerande landskapsmerke med innbydande sandstrender og svaberg omkransa av blankskura og høgreiste fjell. Den fire mil lange og 250 meter djupe innsjøen inneheld reint, klårt drikkevatn.
Langs Nisser finn ein sjeldsynte hellemålingar, gravhaugar og mange andre minne etter gamal busetjing.
I skogane og heiområda i Nissedal finn ein heile 1750 større og mindre vatn. Det er eit eldorado for dei badeglade, og på Fjone finn ein kilometerlange sandstrender. Her er også gode vilkår for kanopadling, båtsport og fiske i vatna og elvane.
Klimaet er svært bra, og terrenget innbyr til turgåing, sommar som vinter.
Næringslivet i kommunen er variert. Viktige næringar er industri og handverk, handel, reiseliv og turisme og hytteutbygging.
Vi har barnehage i Kyrkjebygda, Fjone, Treungen, Haugsjåsund og på Felle.
I Treungen er det blant anna omsorgssenter, bu- og avlastingsenter, Fleirbrukshus, bibliotek og kino.