Nissedal kommune ligg sør i Vest-Telemark, og er ein kommune i vekst. Treungen er administrasjonsstaden, og andre tettbygde stader er Kyrkjebygda, Fjone, Haugsjåsund og Felle.

Namnet Nissedal kjem frå innsjøen Nisser. Frå gamalnorsk blei Nisser kalla «Niðsær», der fyrste del «Nið» tyder «brusande», medan andre del «sær» tyder «sjø».

Nisser er ein av dei største innsjøane i Telemark og er eit dominerande landskapsmerke med innbydande sandstrender og svaberg omkransa av blankskura og høgreiste fjell. Den fire mil lange og 250 meter djupe innsjøen inneheld reint, klårt drikkevatn.

Langs Nisser finn ein sjeldsynte hellemålingar, gravhaugar og mange andre minne etter gamal busetjing.

I skogane og heiområda i Nissedal finn ein heile 1750 større og mindre vatn. Det er eit eldorado for dei badeglade, og på Fjone finn ein kilometerlange sandstrender. Her er også gode vilkår for kanopadling, båtsport og fiske i vatna og elvane. 

Klimaet er svært bra, og terrenget innbyr til turgåing, sommar som vinter. 

Næringslivet i kommunen er variert. Viktige næringar er industri og handverk, handel, reiseliv og turisme og hytteutbygging.

Vi har desentralisert skulestruktur med Tveit skule - Nissedal ungdomsskule 1-10 og Kyrkjebygda oppvekstsenter 1-7.  

Vi har barnehage i Kyrkjebygda, Fjone, Treungen, Haugsjåsund og på Felle.

I Treungen er det blant anna omsorgssenter, bu- og avlastingsenter, Fleirbrukshus, bibliotek og kino.

08/06/2020
SØKNADSFRIST: 19.06.2020 Eining for omsorg har ledige stillingar som nattevakt og helsefagarbeider/hjelpepleiar. Nattevakt 2 stk. faste prosjektstillingar på 66% kvar, ledig frå 01.09.20. – id 578 Nissedal Kommune har oppretta eit nattevaktsteam rundt ein brukar i eigen kommune. Nattevaktsteamet dekker behovet kvar natt året rundt i nattevakter med vaktlengde på 10–11 timar. Stillingane er faste, men knytt til prosjektet. Så dersom behovet hos brukaren fell bort, vert stillingane avvikla, og vil ikkje gje atterhald om andre stillingar i kommunen verken i prosjektet eller dersom prosjektet vert avvikla.  Ta kontkat for fleire opplysningar rundt prosjektet og/eller stillingane.   Kvalifikasjonar: Personlege eigenskapar Førarkort Kl. B    Ønska kvalifikasjonar: Helsefagarbeidar eller liknande fagkompetanse Personar med anna...
Nissedal kommune Treungen, Norge