
Tenesteområdet Helse- og omsorg, avdeling Heimetenesta, søkjer etter avdelingsleiar!
Vil du leie og utvikle framtidas heimetenester? Som avdelingsleiar i Heimetenesta vil du ha ei nøkkelrolle i eit framoverlent leiarteam i Helse- og omsorg.
Ved Heimetenesta møter du eit fagleg sterkt og inkluderande arbeidsmiljø der humor, tryggleik og samarbeid står sentralt. Vi legg vekt på gode pasientforløp, har høgt fagleg fokus og arbeidar dagleg med tenesteutviklingsarbeid. Ved oppstart hjå oss får du god opplæring og oppfylging av dyktige kollegaer som gler seg på å få nettopp deg med på laget.
Som avdelingsleiar vert du ein del av leiarteamet, der det krevst at du evnar å arbeide både sjølvstendig og i team. I tillegg til dyktige tilsette, har du med deg fagsjukepleiar, avdelingssjukepleiar og tenesteleiar. Helse- og omsorg har eigen driftskoordinator som bistår på ikkje-helsefaglege oppgåver, samt merkantilressursar som har hovudansvar for innleige og turnusutarbeiding. Heimetenesta har tett og godt samarbeid med Vågåheimen, som og er ein del av tenesteområdet Helse- og omsorg.
Avdelinga består av heimesjukepleie, praktisk bistand, dagtilbod for heimebuande eldre og dagtilbod for demensomsorg, i tillegg til BPA, PA og hjelpemiddelkontakt. Du har personalansvaret for om lag 45 tilsette.
I tenesta legg vi vekt på fagutvikling og arbeidar aktivt med kvalitetsforbetring på systemnivå og i dagleg drift. Det er mykje positivt som skjer i tenesteområdet, med m.a. oppgradering av Heimetenesta si base ved Vågåheimen og ei systematisk, framtidsretta tenesteutvikling. Vi har stort fokus på helseteknologiske løysingar, innovasjon og kompetanseheving for våre tilsette. Vi arbeider dagleg med å rigge tenestene på ein slik måte at dei er berekraftige i framtida, der ein nyttar rett kompetanse på rett stad. Vi har ei god blanding av tilsette, både i alder og fagleg profesjon. Vi ser fram til å høyre frå deg!
Lista er ikkje uttømmande
Personleg eignaheit vil bli tillagd avgjerande vekt.
Det vert krevd politiattest ved tilsetjing.
Stillingsprosent vil ikkje bli delt dersom det er til vesentleg ulempe for arbeidsgjevar.
Søknad skal sendast på elektronisk søknadsskjema. Vedlegg til søknaden kan sendast som e-post til postmottak@vaga.kommune.no.
Søknadsfrist: 23. august 2026
Tenesteleiar Hanne Stokke Moen.
Ta kontakt på e-post hanne.stokke.moen@vaga.kommune.no , eller tlf 948 65 287.
Vågå kommune er opptekne av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.
Vi gjer merksame på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off.lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.
Vågå kommune ligg midt i nasjonalparkriket, med Jotunheimen og Rondane som næraste naboar. Besseggen, kåra av National Geographic til ein av dei 20 World's best hikes , blir årleg besøkt av 60-70.000 fotturistar. Kommunesenteret Vågåmo er ein konsentrert og triveleg handelsstad, med eit godt og allsidig utbygd servicetilbod. Vågå har eit svært godt barnehage- og skuletilbod, med m.a. eigen PC til alle i grunnskulen. Kulturlivet er allsidig og rikt, og rommar noko for ei kvar interesse. Naturen gjev moglegheit for store naturopplevingar, som til dømes jakt og fiske, luftsport, langrenn og alpint. Sjå vågåleve.no for å bli betre kjend med oss.