
Eigedoms- og utbyggingsavdelinga er Vestland fylkeskommune si fagavdeling for bygge- og eigedomssaker. Avdelinga skal ivareta fylkeskommunen sin byggherrefunksjon og er ansvarleg for forvaltning, drift, reinhald, vedlikehald og utvikling av fylkeskommunen sine eigedomar. Samla areal på eigedomsmassen er om lag 800 000 m², og utgjer mellom anna vidaregåande skular, tannklinikkar, kollektivanlegg og kultur- og administrasjonsbygg. Reinhaldstenesta er delt i 2 regionar og organisert i områder, der kvar reinhaldsleiar har ansvar for 1-4 lokasjonar kvar. Vi trur at kvalitet i tenestene vert skapt gjennom godt arbeidsmiljø og mangfald blant dei tilsette.
Vår ledige stilling som Reinhaldsleiar er for tida knytt til lokasjonane Voss vidaregåandeskule, Voss gymnas, Hjeltnes Produksjonsskule og Sogn hage- og jordbruksskule. Vi søkja ein erfaren og engasjert leiar, som kan motivera sine tilsette og bidra til eit godt arbeidsmiljø.
Vi har arbeid godt med arbeidsmiljøet i eininga og vann i 2024 arbeidsmiljøpris, og dette er vi veldig stolte av. Som reinhaldsleiar vil du vere med på å oppretthalde fokuset på nærværsarbeid i avdelinga. Den som blir tilsett må påberekna litt reise i samband med jobben. Stillinga er ledig frå 01.09.2026.
Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Det er krav til politiattest. Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk
Vi legg vekt på personleg eigenskapar.
Vi gjer merksam på at i fylgje offentleglova §25, 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkarliste vil du alltid bli varsla før søkarlista vert offentleggjort.
Hos oss får du:
Ei spanande stilling med ansvar, utfordringar og gode utviklingsmoglegheiter. Hjå oss vil du få moglegheit til å vekse både personleg og profesjonelt. Du vil bli ein del av eit svært kompetent leiarteam med eit inkluderande arbeidsmiljø der latteren sit laust. Vi sørgjer for å ha det gøy saman kvar dag!
I tillegg tilbyr vi:
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.