| Søknadsfrist: |
02.08.2026
|
| Søknadsfrist: |
02.08.2026
|

Vil du vere med og skape gode oppvekstvilkår for barn og unge i Kvinnherad?
Kvinnherad kommune søkjer ein engasjert og utviklingsorientert avdelingsleiar til Familiestøtte – ei sentral teneste for førebygging, tidleg innsats og støtte til barn, unge og familiar.
Dette er ei spennande leiarstilling for deg som brenn for å utvikle tenester i tett samarbeid med dyktige fagpersonar, samarbeidspartnarar og lokalsamfunnet. Du får ansvar for eit viktig fagområde med stor betydning for barn og unge si helse, meistring og livskvalitet.
Om arbeidsplassen
Eining Barn og familie er ei av 21 einingar i sektor oppvekst i Kvinnherad kommune. Eininga samlar dei fleste hjelpetenestene for barn, unge og familiar i kommunen, og består av seks avdelingar: barnevern, helsestasjon, PPT, familiestøtte, avlastning- og butiltak for barn og unge og tverrsektorielt psykologteam. Eininga held til i Husnes tenestesenter.
Som avdelingsleiar for Familiestøtte får du ansvar for fagleg, administrativ og strategisk leiing av avdelinga, og rapporterer direkte til einingsleiar. Du blir ein del av eit tverrfagleg og utviklingsorientert fagmiljø med eit felles mål om å styrkje oppvekstvilkåra for barn og unge i Kvinnherad kommune.
Om stillinga
Frå 1. oktober 2026 har Eining Barn og familie ledig ei 100 % fast stilling som avdelingsleiar for avdeling Familiestøtte.
Familiestøtte består av:
Familieteamet tilbyr familierettleiing, samtalar og gruppetilbod til barn, unge og familiar.
Ungdomsteamet omfattar ungdomslosar, utekontaktar og ungdomsleiarar med ansvar for kommunen sine ungdomsbasar og lågterskeltilbod til ungdom.
Tiltakskonsulent har ansvar for rekruttering og oppfølging av oppdragstakarar i eining barn og familie.
Avdelingsleiar har også funksjon som kommunen sin SLT-koordinator og skal leie og vidareutvikle det lokale SLT-arbeidet (Samordning av lokale rus- og kriminalitetsførebyggjande tiltak). Dette er eit systematisk samarbeid mellom kommune, politi og andre offentlege og private aktørar for å styrkje det førebyggjande arbeidet blant barn og unge.
Avdelinga har særleg fokus på tverrfagleg samarbeid, førebygging og utvikling av lågterskeltilbod. Medarbeidarane er den viktigaste ressursen i tenesta, og det er sentralt å sikre høg fagleg kvalitet, god rettleiing og eit inkluderande arbeidsmiljø. Eining barn og familie er oppteken av å nytte ressursane slik at dei kjem tenestemottakarane best til nytte. Det kan difor bli endring i arbeidsoppgåver og samansetning i avdelinga.
Stillinga inneber noko arbeid på ettermiddag, kveld og i enkelte tilfelle helg, for å sikre god fagleg støtte og oppfølging av medarbeidarane. Arbeid med søknader om prosjekt- og utviklingsmidlar er òg ein viktig del av stillinga.
Arbeidsoppgåver
Som avdelingsleiar vil du ha ansvar for:
Personal-, økonomi- og fagansvar for avdelinga
Planlegging, koordinering og dagleg drift
Internkontroll, kvalitetsarbeid og fagutvikling
Kvalitetssikring av rapportering og dokumentasjon
Rettleiing og oppfølging av medarbeidarar
Saksbehandling etter helse- og omsorgstenestelova
Leiing og koordinering av kommunen sitt SLT-arbeid
Utvikling og styrking av tverrfagleg samarbeid
Kvalifikasjonar
Vi søkjer ein leiar med relevant høgare utdanning innan helse-, sosial- eller pedagogiske fag. Søkjarar med annan relevant utdanning vil også kunne bli vurderte.
Det er ønskjeleg med:
Relevant vidareutdanning, gjerne innan leiing, administrasjon eller rettleiing
Erfaring frå leiing og personaloppfølging
Kjennskap til offentleg forvaltning
Erfaring frå arbeid med barn, unge og familiar
Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
Vi legg stor vekt på personleg eignaheit. Vi søkjer deg som:
Har evne til å leie, motivere og utvikle medarbeidarar
Er engasjert i førebyggjande arbeid for barn og unge
Har god organisasjonsforståing
Er utviklingsorientert, strukturert og målretta
Bidreg aktivt til eit godt arbeidsmiljø
Skaper tillit og gode relasjonar
Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
Er fleksibel, kreativ og løysingsorientert
Har fokus på tverrfagleg samarbeid
Har god digital kompetanse
Har god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
Vi tilbyr
Ei spennande leiarstilling i ei teneste i utvikling
Meiningsfulle og varierte arbeidsoppgåver
Moglegheit til å påverke utvikling og framtidig retning for tenestene
Fagleg og personleg utvikling
Eit godt arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte medarbeidarar
Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande tariffavtalar og lovverk
Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP
Dekning av flytteutgifter etter gjeldande reglar
Moglegheit for sletting av inntil 25 000 kroner av studielån etter eitt år for busette arbeidstakarar i Kvinnherad
Ingen eigedomsskatt på bustad, fritidsbustad eller næringseigedom per i dag
Gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehage
Politiattest
Gyldig politiattest må leggjast fram før tiltreding. Kravet er heimla i barnevernslova § 12-11, opplæringslova § 17-11, barnehagelova § 30, helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstenestelova § 5-4.
Randi Pedersen
Stilling: Einingsleiar
mob: +47 45288088
E-post: randi.pedersen@kvinnherad.kommune.no
Kvinnherad kommune har 13.100 innbyggjarar.
Kommunen ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda.
Rosendal er administrativt senter, Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad har eit mangfaldig kulturliv. Sjø, skjærgard, fjell og bre gjev naturtilhøve for friluftsliv heile året.