| Søknadsfrist: |
14.06.2026
|
| Søknadsfrist: |
14.06.2026
|

Sunnfjord kommune har ledig stilling for advokat, advokatfullmektig eller jurist. Stillinga høyrer til eininga Kommuneadvokaten, som støttar kommunen sine leiarar og tilsette med juridisk rådgjeving. Det er også aktuelt med prosedyre for domstolane. I stillinga vil du jobbe tett mot leiinga og ta del i viktige avgjerdsprosessar for utviklinga av kommunen.
Interesse og erfaring med offentlege anskaffingar og kontraktsrett er spesielt relevant for stillinga, men arbeidsoppgåvene kan bli tilpassa etter kvalifikasjonar og ønske frå den som blir tilsett.
Du søker elektronisk.
Velkomen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!
Bjørnar Ring Karlsen
Stilling: Kommuneadvokat
mob: +47 952 28 204
Sunnfjord kommune ligg sentralt i Vestland fylke, og tilbyr rike naturopplevingar frå fjord til bre. Kommunen har om lag 22 000 innbyggarar, og er sentrum for handel, service og utdanning i regionen. Kulturlivet er variert med teater, kino, konsertar og utstillingar. I kommunen er det breitt tilbod av bustadar og tomter.