| Søknadsfrist: |
25.05.2026
|
| Søknadsfrist: |
25.05.2026
|
| Søknadsfrist: |
24.05.2026
|

Frå 01.08.2025 har me ledig avdelingsleiarstilling ved Eikanger skule. Saman med ny rektor, vil du utgjere leiarteamet ved skulen. Stillinga er 100% mellombels , og inneheld både administrative oppgåver og undervisning.
Felles visjon for skulane er; Ein plass for alle – læring og meistring i fellesskap.
Med bakgrunn i prosess om skulestruktur i Alver kommune vil stllinga være mellombels for skuleåret 2026/2027.
Eikanger skule er ein fådelt skule med 67 elevar plassert på Eikangervåg, berre 13 minutt frå Knarvik. Skulen ligg flott plassert langs Osterfjorden med god tilgang til skog, fjell og sjø. Sidan 2013 har Eikanger skule vore sertifisert som «Dysleksivenleg skule». Ved skulen er det lagt vekt på å skape eit inkluderande og støttande læringsmiljø for alle elevar.
Eit av dei viktigaste satsingsområda det siste året har vore innan språk, lesing og skriving. Skuleåret 2025-2026 har vi delteke på desentralisert ordning for kompetanseutvikling (dekomp), og hatt i eit samarbeid med Nasjonalt Lesesenter ved Universitetet i Stavanger. Språk, lesing og skriving er eit område vi vil jobbe vidare med det komande året gjennom samarbeid og erfaringsdeling i profesjonsfelleskapet.
Ønskjer du å arbeide med skuleleiing i eit triveleg og inspirerande arbeidsmiljø? Du vil vere med på å skape eit trygt, godt og inkluderande skulemiljø der elevane trivst og lukkast.
Vi leitar etter deg, som kan tenkje deg varierte dagar, der du mellom anna:
Stillinga kan få personalansvar for deler av tilsettgruppa
Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidreg til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetodar og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling. I oppvekst arbeider me med vår digitale kompetanse, og nyttar teams i vår informasjonsflyt.
Me får vere der frå aller fyrste stund, og me får følgje deg gjennom livet!
I tråd med opplæringsl § 10- 9 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede
Eirin Dyngen
Rektor
+4797076938
eirin.dyngen@alver.kommune.no
Alver kommune er ein heilt ny kommune! Vi ein av dei største kommunane i fylket med ca 30.000 innbyggjarar og 2650 tilsette. Vi treng fleire engasjerte og kompetente medarbeidarar!