| Søknadsfrist: |
10.05.2026
|
| Søknadsfrist: |
10.05.2026
|

Sunnfjord kommune ligg midt mellom Bergen og Ålesund og har om lag 22 400 innbyggarar. Kommunen vart etablert i 2020 gjennom samanslåing av fire kommunar. I 2024 vedtok kommunestyret planen «Saman om EIN god oppvekst» – ein førebyggande plan for barn og unge som legg føringar for tverrfagleg samarbeid og heilskaplege tenester i kommunen.
Vil du vere med å gjere ein forskjell? Vi søker deg som er engasjert i barn og unge sin oppvekst, og som ynskjer å bidra til trygge og gode livsvilkår for barn og familiar i Sunnfjord. Du tør å stå i krevjande situasjonar, bygge relasjonar og møte menneske i sårbare livssituasjonar med respekt og tydelegheit.
Sunnfjord barnevern har 29,5 årsverk og har arbeidsstad på rådhuset i Førde. Vi er organisert etter ein spesialistmodell med eit undersøkingsteam, oppfølgingsteam og omsorgsteam. I tillegg har vi eit eige familieteam (tiltaksteam) og ein kontorfagleg stab som tek i vare administrative funksjonar.
Begge stillingane er per i dag knytt til oppfølgingsteamet.
Noko reiseverksemd og arbeid utover vanleg arbeidstid (ettermiddag-/kveld) må påreknast.
Krav om gyldig politiattest før start i stillinga.
Du søker elektronisk.
Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søke, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, eller kulturell bakgrunn.
Velkommen som søkar!
Kontaktperson:
Elisabeth Flo Kyrkjebø
Stilling: Einingsleiar
mob: +47 97184349
Sunnfjord kommune ligg sentralt i Vestland fylke, og tilbyr rike naturopplevingar frå fjord til bre. Kommunen har om lag 22 000 innbyggarar, og er sentrum for handel, service og utdanning i regionen. Kulturlivet er variert med teater, kino, konsertar og utstillingar. I kommunen er det breitt tilbod av bustadar og tomter.