| Søknadsfrist: |
21.04.2026
|
| Søknadsfrist: |
21.04.2026
|
| Søknadsfrist: |
21.04.2026
|
| Søknadsfrist: |
04.05.2026
|
| Søknadsfrist: |
14.04.2026
|
| Søknadsfrist: |
14.04.2026
|
| Søknadsfrist: |
13.04.2026
|
| Søknadsfrist: |
13.04.2026
|
| Søknadsfrist: |
13.04.2026
|
| Søknadsfrist: |
13.04.2026
|
| Søknadsfrist: |
13.04.2026
|
| Søknadsfrist: |
13.04.2026
|
| Søknadsfrist: |
13.04.2026
|
| Søknadsfrist: |
12.04.2026
|
| Søknadsfrist: |
14.04.2026
|
| Søknadsfrist: |
21.04.2026
|
| Søknadsfrist: |
17.04.2026
|
| Søknadsfrist: |
12.04.2026
|
| Søknadsfrist: |
12.04.2026
|
| Søknadsfrist: |
17.04.2026
|

Vil du vere ein del av eit nytt og framtidsretta leiarteam ved Gimle skule? Fyresdal kommune søker no etter ein rektor med ambisjonar, retning og eit sterkt blikk for framtidas skule. Dette er jobben for deg som vil utvikle, leie og løfte ein heil læringsarena – og samtidig vere ein viktig bidragsytar i samfunnsutviklinga i Fyresdal.
Ein skule i utvikling – og ein kommune som forstår rolla di
Bli rektor ved ein skule som utviklar seg – i ein kommune som faktisk forstår kvardagen din.
Gimle skule står midt i ei spennande utviklingsreise, og vi søker ein rektor som vil vere med å løfte skulen vidare. Her får du moglegheit til å skape reell endring – i ein kommune som ikkje berre forventar mykje av deg, men som òg gir deg verktøya, støtta og rommet du treng for å lukkast.
Vi veit at dagens rektorar møter stadig meir komplekse oppgåver: endringsleiing, kvalitetsutvikling, personaloppfølging, administrasjon og større krav til å bygge sterke profesjonsfellesskap. Difor har vi rigga leiarstrukturen slik at du ikkje står åleine. Hos oss får du tett støtte frå kompetente fagmiljø, ei samla leiargruppe og ein kommune med klare ambisjonar innan oppvekst, innovasjon og digital utvikling.
Gimle skule er ein 1-10-skule i vekst, med gode fasilitetar samla innanfor ein radius på 200 meter. No skal vi rigge oss for fleire elevar og nye behov – og vi treng ein rektor som vil vere med å forme framtida.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Tilsettingsvilkår
Namn på søkar kan bli offentleggjort, jf. offentleglova.
Liv Johre- Bakke
Kommunalsjef kultur og oppvekst
Telefon: +47 97760221
E-post: liv.johre@fyresdal.kommune.no
"Gjer draumen levande" er kommunens slagord, og dette ser ein att i tilboda til både innbyggjarar og tilsette. Fyresdal er ein kommune i Vest-Telemark med om lag 1240 innbyggjarar. Kommunen har som mål å vere handlekraftig og finne fleksible løysingar. Her er det godt å bu og virke, og saman leverer vi svært gode tenester til våre innbyggjarar.