Fyresdal kommune

Fyresdal kommune er ein liten, men handlekraftig og spenstig kommune i Vest-Telemark. Vi legg særleg vekt på gode bu- og etablerartilhøve, og har eit sterkt fokus på nytenking og utvikling. 

Hovudmålsetjinga i kommuneplanen vår er:

Gjennom handlekraft, fleksibilitet og utradisjonelle løysingar skal Fyresdal vere ein framifrå stad å bu og virke. 

28/02/2020
SØKNADSFRIST: 10.03.2020 Id 561: Vi søker etter ein helsefagarbeidar i 90 % vikariat frå snarast til 01.02.2021. Stillinga er for tida i heimetenesta. Vi ynskjer at du har: Gode samarbeidsevner og evne til å arbeide sjølvstendig. Gode norskkunnskapar. Opplæring vil bli gjeve. Tilsetting og løn i samsvar med gjeldande lovar, reglar og avtaleverk. Personlege eigenskapar blir vektlagt. Ved tilsetting må det leverast politiattest. For utanlandske søkarar må det føreligge norsk autorisasjon. For søkjarar utanfor EØS-området må det føreligge arbeids- og opphaldsløyve. Du må ha førarkort for personbil. Ved intern tilsetjing kan andre stillingar bli ledige. Spørsmål? For opplysningar om stillinga kan du kontakte gruppeleiar heimetenesta, Gunn Marit Aslestad, på 35 06 71 64 / 977 17 105. Søknadsfrist er 10. mars 2020.
Fyresdal kommune Fyresdal, Norge
28/02/2020
SØKNADSFRIST: 10.03.2020 Id 560 Då helsesjukepleiaren vår skal ha 1 års permisjon søker vi etter helsesjukepleiar i 80 % vikariat i perioden 01.05.2020–30.04.2021. Hovudansvarsområde: Fagleg leiar for tenesta. Utøve teneste for born og ungdom etter gjeldande lovverk. Helsestasjonsverksemd. Skulehelseteneste. Helsestasjonsverksemd for ungdom i samarbeid med lege. Anna førebyggjande helsearbeid. Medlem av psykososialt kriseteam. Sakshandsaming innan fagfeltet. Kvalifikasjonar: Vi ynskjer i hovudsak søkarar med utdanning som helsesjukepleiar, men sjukepleierar kan og søke. Erfaring frå helsestasjon, skulehelseteneste og helsestasjon for ungdom vil vere ein fordel. Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt. Vi søkjer ein person som: Er utviklingsorientert, handlekraftig og fleksibel.  Har gode evner til å kommunisere og til å skape ein god arena for samarbeid.  Har evne til å jobbe sjølvstendig.  Har evne og vilje til tverrfagleg samarbeid.  Likar utfordringar.  Har brukar i fokus.  Spørsmål? Nærare opplysningar om stillinga kan rettast til avdelingsleiar helse og omsorg Anne Veum på 35 06 71 15. Løn etter avtale. Søknadsfrist er 10. mars 2020.
Fyresdal kommune Fyresdal, Norge
28/02/2020
SØKNADSFRIST: 10.03.2020 Id 562 Gimle skule har fleire ledige lærarstillingar frå 01.08.2020. Både heiltid og deltid, fast og vikariat. Ynskjeleg kompetanse er utdanning i språkfag (engelsk og tysk) og spesialpedagogikk.  Søkjar må ha relevant høgskuleutdanning, gjerne grunnskuleutdanning 1-7 eller 5-10. Vi ber om at de i søknaden skriv kor stor stilling de søkjer. Personlege eigenskapar: God på relasjonsbygging. Tydeleg klasseromsleiing og fokus på godt læringsmiljø. God digital kompetanse. Fleksibilitet og gode samarbeidsevner. Har gode kommunikasjonsdugleikar og bidreg til å skape eit godt arbeidsmiljø. Med atterhald om godkjenning. Tilsetjingsvilkår: For stillingane gjeld løns- og arbeidsvilkår i samsvar med lov, forskrift og avtaleverk. Dei som blir tilsett må levere politiattest av ny dato i tråd med Opplæringslova § 10-9. Spørsmål? Kontakt gjerne rektor Gimle skule og kultur Sarke Veum på tlf. 35 06 71 94 / 900 11 735. Søknadsfrist er 10. mars 2020.
Fyresdal kommune Fyresdal, Norge