| Søknadsfrist: |
02.04.2026
|
| Søknadsfrist: |
02.04.2026
|
| Søknadsfrist: |
05.04.2026
|
| Søknadsfrist: |
09.04.2026
|
| Søknadsfrist: |
09.04.2026
|
| Søknadsfrist: |
06.04.2026
|
| Søknadsfrist: |
06.04.2026
|
| Søknadsfrist: |
08.04.2026
|
| Søknadsfrist: |
07.04.2026
|
| Søknadsfrist: |
07.04.2026
|

Bergetippen barnehage har ledig to faste stillingar som pedagogisk leiar. Det kan vere aktuelt at søkjar får funksjon som barnehagelærar om dette er ønskjeleg.
For å innfri nasjonal barnehagestrategi mot 2030 – Barnehagen for en ny tid, er målet at barnehagelærarar utgjer minst 60 % av bemanninga. Vi har auka grunnbemanning.
Bergetippen barnehage ligg i Julsundet på fastlandet i Aukra. Det tek omlag 15 minutt frå Molde sentrum til barnehagen. Barnehagen har frå hausten av sju avdelingar.
Vi legg vekt på å ha eit godt og solid fagmiljø med kompetente medarbeidarar. Våre medarbeidarar har god kjennskap til Trygghetssirkelen og tilknytingsteori. Vi vil ha autoritative vaksne som bygger gode, varme relasjonar med barn samtidig som ein sett grenser og stiller krav. Vi vektlegg Ingrid Lund sin trapp med fokus på haldningar, kunnskap og handlingar i arbeidet for eit trygt, godt og inkluderande fellesskap for barn og tilsette.
I barnehagen vår let vi oss også inspirere av Reggio Emilia- filosofien sitt syn på barn og læring. Den pedagogiske tanken er å la barna sine idear, interesser, tankar og nysgjerrigheit vise veg for læring.
Barnehagen har kokk i 100 % stilling og er matpakkefri. Kokken lagar god og næringsrik mat til alle måltid.
Arbeidsoppgåver for pedagogisk leiar:
Pedagogisk leiar er ansvarleg for planlegging, gjennomføring, dokumentasjon og vurdering av det daglege pedagogiske innhaldet i høve enkeltbarn og barnegruppe.
Pedagogisk leiar har fagleg ansvar for arbeidet med å skape eit trygt og godt barnehagemiljø, omsorg for det enkelte barnet, for utviklinga av det sosiale miljøet og lærings- og danningsmiljøet i barnegruppa.
I samarbeid med styrar og det pedagogiske leiarteamet vil pedagogisk leiar ha oppgåver som bidreg i arbeidet med å utvikle barnehagen som pedagogisk verksemd og barnehagen sitt samarbeid med andre tenester.
Skape eit inkluderande, kreativt og lærerikt leikemiljø for barn.
Godt samarbeid med foreldre / føresette.
Rettleiingsoppgåve for personalet på avdelinga for fagleg utvikling.
Krav til søkar
Utdanning som barnehagelærar. Likeverdig med barnehagelærarutdanning er anna treårig pedagogisk utdanning på høgskolenivå med vidareutdanning i barnehagepedagogikk. Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar.
Språk
Må kunne norsk godt munnleg og skrifteleg. Søkjarar som ikkje har norsk som førstespråk, sjå Lov om barnehagar § 27. Krav om norskferdigheter for å bli ansatt i barnehage
Vi tilbyr
Oppstart
Etter nærare avtale og seinast 15. august
Særskilte krav
Det er krav om politiattest før tiltreding.
Prøvetid
Gjensidig effektiv prøvetid på 6 månader.
Søkarliste
Om du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jf. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge.
Søknad
Aukra kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du fyller ut elektronisk søknadsskjema via funksjonen "Søk på stilling" på kommunen sine heimesider.
Søknadsfrist: 02.04.2026
Kontaktperson
Ved spørsmål ta kontakt med styrar Synnøve Rishaug, tlf. 90571168, synnove.rishaug@aukra.kommune.no
Link til søknadsskjema: Søk her
Aukra kommune er ein øy- og fastlandskommune på kysten av Romsdal og er kjent for sin robuste økonomi. Kommunen har 3750 innbyggarar og er ein vekstkommune. Med ilandføring av gass frå Ormen Lange-feltet og som gassknutepunkt for Norskehavet, er kommunen sikra eit unikt utgangspunkt for eit allsidig nærings- og kulturliv og godt utbygde tenester.
Kommunen si plassering innbyr til friluftsaktivitetar både til sjøs og til lands. Avstanden til kultur-, fotball- og industribyen Molde er kort.
Aukra kommune har om lag 450 tilsette. Administrativt er vi organisert i tre nivå: kommunedirektør, fire kommunalsjefar som leiar kvar sin sektor med totalt 14 einingar.
Kommunen har gode utviklingsmoglegheiter og står overfor mange interessante prosjekt og store utfordringar.
Våre verdiar er "Attraktiv - Uredd - Kvalitet - Raus - Arbeidsglede. Vi legg stor vekt på meistringsorientert og myndiggjerande leiing