| Søknadsfrist: |
18.02.2026
|
| Søknadsfrist: |
18.02.2026
|
| Søknadsfrist: |
15.02.2026
|
| Søknadsfrist: |
24.02.2026
|
| Søknadsfrist: |
24.02.2026
|
| Søknadsfrist: |
23.02.2026
|
| Søknadsfrist: |
02.03.2026
|
| Søknadsfrist: |
22.02.2026
|
| Søknadsfrist: |
18.02.026
|
| Søknadsfrist: |
01.03.2026
|
| Søknadsfrist: |
23.03.2026
|
| Søknadsfrist: |
15.02.2026
|
| Søknadsfrist: |
1. mars 2026
|
| Søknadsfrist: |
15.02.2026
|
| Søknadsfrist: |
15.02.2026
|
| Søknadsfrist: |
15.02.2026
|
| Søknadsfrist: |
22.02.2026
|

Ulvik herad søkjer etter ein motivert person som vil ta over som fagansvarleg for sosialtenestene. Stillinga er om lag 50% arbeid med dei kommunale NAV-oppgåvene, og 30% arbeid knytt til flyktningar.
Oppstart: Snarast
Søknadsfrist: 18.02.2026
Du vil være samlokalisert med statleg NAV-tilsett som har kontorplass i Ulvik, og du vil jobbe tett med andre fagområde i heradet. Du blir del av eit fagleg og sosialt fellesskap knytt opp til statlege NAV-tenester i regionen Hardanger og Voss, rus og psykisk helse, legekontor, flyktningtenestene.
Oppgåver
Kjerneoppgåvene for stillinga vil vera sakshandsaming etter sosialtenestelova og oppgåver som høyrer naturleg saman med dette. Individuell oppfølging og rettleiing av flyktningar, særleg knytt til NAV-sine tenester.
Oppgåver inkluderer sakshandsaming, vedtak og oppfølging av brukarar inkludert klagesaker. Du vil få opplæring og ansvar for oppfølging av bustøtteordninga, og oppfølging av ordning for økonomisk råd og rettleiing som heradet har eit eksternt samarbeid om.
Som fagansvarleg er vil det bli forventa at du bidreg til tenesteutvikling gjennom arbeid med rutinar og det faglege innhaldet i tenestene.
Ynskja kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Me er ute etter deg som har evne til å arbeide sjølvstendig, med eit fagleg engasjement og høg motivasjon. Du bør ha god evne til å finne løysingar. Me er ein liten kommune og tilsette må ofte forholde seg til ein bredde i oppgåver og ansvarsområder som ein kanskje ikkje får i større kommunar – du bør ha evnen til å sjå moglegheitene og fordelane med dette, og bidra til at me klarar å utnytte at me er små for å levere betre tenester. Du må kunne samarbeide og kommunisere med ei rekke fagområde og kollegaer.
Me kan tilby
Merk søknaden med saksnr. 26/397
Om arbeidsgjevar
Helse og velferd i Ulvik herad er ei eining med om lag 45 årsverk og har eit tenestetilbod som omfattar sjukeheim, heimesjukepleie, legekontor, skulehelseteneste og helsestasjon, heimehjelp, fysioterapi, ergoterapi, psykisk helse og rus, sosialtenester, flyktningtenester. Me har lokalar i Ulvik sentrum og på Ulvik Omsorgstun som var nytt i 2020. Som tilsett hos oss vert du del av eit arbeidsmiljø med flotte folk og stort mangfald i både alder, utdanning, erfaring og bakgrunn.
Om Ulvik
Idyllisk plassert inst i Hardangerfjorden finn du Perla i Hardanger, Ulvik.
Spektakulær natur frå fjord til fjell og bre inviterer til friluftsliv heile året. Me har aktive kultur- og idrettsmiljø, idrettshall, svømmehall, og langrennsarena med lysløype. Konsertar og festivalar, frukt og siderproduksjon, poesi og sogelag står for eit mangfald av dei sjeldne .
Meir informasjon finn du på Hardanger | Ulvik (hardangerfjord.com)
Kontaktperson
Torstein Kvåle Hellesnes
Kommunalsjef helse og velferd
4000 7136 | torstein.hellesnes@ulvik.kommune.no
Ulvik herad ligg ved Hardangerfjorden og er omkransa av flotte skog- og fjellområde som innbyr til tur- og friluftsliv heile året og eit yrande badeliv om sommaren. Me har eit aktivt idretts- og kulturliv, med flotte anlegg for leik og idrett både sommar og vinter. Kulturlivet i bygda blømer med poesifestival, fiskefestival, blueshelg og oktobertorg - og mykje meir! Haugesenteret er vårt dokumentasjonssenter for Ulvikforfattaren Olav H. Hauge sitt forfattarskap.
Heradet har eit godt utbygt tenestetilbod, med full barnehage- og SFO-dekking. Ciderruta ligg i Ulvik herad, som også er ein Cittaslowkommune. Meir informasjon om Ulvik herad og om Cittaslow finn du på vår heimeside www.ulvik.kommune.no.