| Søknadsfrist: |
22.02.2026
|
| Søknadsfrist: |
22.02.2026
|

Er du vårt nye blad i firkløveren i heimetenesta i Vinje?
Vinje kommune søkjer ein tydeleg og engasjert avdelingsleiar til heimetenesta på Rauland.
Som avdelingsleiar får du ei viktig rolle i å skape trygge og fagleg gode tenester for brukarane våre. Du vil leie eit dyktig og engasjert lag av medarbeidarar, som kvar dag gjer ein forskjell og som du får vere med å støtte, utvikle og løfte vidare
Du blir ein del av eit leiarteam med to avdelingsleiarkollegaer og verksemdsleiar, der me samarbeider tett og støttar kvarandre i drift og utvikling. Det første året vil du få eit skreddersydd leiaropplæringsprogram og tett oppfølging av ein eigen leiarmentor – slik at du får ein trygg og god start.
Avdelinga er sett saman av fleire tenester som saman bidreg til heilskapleg oppfylging av brukarane våre: heimesjukepleie, dagtilbod for heimebuande personar med demens, heimehjelp og heildøgnsbemanna omsorgssenter. Til saman utgjer dette eit mangfaldig og kompetent fagmiljø på om lag 22 årsverk.
Har du lyst til å vere med og utvikle framtidas heimetenester i Vinje? Då vil me gjerne høyre frå deg!!
Ditt leiaroppdrag
Leiing og personal
Fag, kvalitet og samarbeid
Økonomi
Ynskjeleg kompetanse
Personleg eigenskaper vil bli vektlagde ved tilsetjing.
I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta.
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Kontaktinformasjon
Liv Berit Versto
Verksemdsleiar heimebaserte tenester
Telefon: +47 91765497
E-post: liv.berit.versto@vinje.kommune.no
Nasjonalparkkommunen Vinje byr på spanande kontrastar. Her møter kultur og folkekunsttradisjonar eit blømande og moderne næringsliv. Rolege og blide kulturlandskap møter ville og majestetiske høgfjell. Brusande elver møter stille fjellvatn.
Med eit areal større enn Vestfold fylke har kommunen rikeleg med tumleplass, der dei kontrastfylte årstidene på mange vis legg premissane for det breie utvalet av friluftsaktivitetar.
Åmot er eit regionalt handelssenter, med eit rikt tilbod av varer og private og offentlege tenester. Haukeli og Rauland er sentra i attraktive turistområde, der ein av landets mest omfattande hytteutbyggingane har funne stad gjennom fleire år.
Inntektene frå den store kraftproduksjonen i Vinje har gjort det mogleg å utvikle eit høgt nivå på den kommunale tenesteytinga - ikkje minst innanfor skule, helse og omsorg.