| Søknadsfrist: |
20.12.20262
|
| Søknadsfrist: |
20.12.20262
|

Saghaugen og Kjøtteinsvegen er bufellesskap for personar med utviklingshemming. Kjøtteinsvegen har 4 bustadar og Saghaugen har 6, og er organisert under Eining for habilitering. Bufellesskapa ligg begge nær sentrum i Leirvik.
Eining for habilitering har ledig fast 100% stilling som avdelingsleiar frå 01.01.27.I bufellesskapa våre ønskjer me å;
Skapa ein trygg og omsorgsfull heim
Gje god dagleg omsorg og sosial støtte
Leggje til rette miljøet for eigenmeistring
Bidra til eit godt samarbeid med pårørande
Arbeids- og ansvarsområde:
Avdelingsleiar har stadleg fagleg ansvar for tenestene til tenestemottakarane og personalansvar for dei tilsette i avdelingane. Leiar skal følgje opp Stord kommune sine visjonar og verdiar og eininga sine målsettingar og handlingsplanar.
Avdelingsleiar har ansvar for:Arbeida for eit godt arbeidsmiljø
Motivera og rettleia personale og medverka til at dei får utvikla seg, fagleg og personleg
Førebygging av sjukefråvær og oppfølging av sjukemeldte
Medverka til eit godt samarbeid med brukarar, pårørande, verneombod, tillitsvalde og andre samarbeidspartnerar
Ha fokus på effektiv ressursutnytting til beste for alle tenestemottakarane
Legga til rette for gode tenester i høve vedtak, økonomiske rammer, yrkesetiske retningsliner, etiske normer og gjeldande lovverk
Sørgja for at avdelinga skaper klima for tverrfagleg samarbeid, både i avdelinga og på tvers av avdelingar
Autorisert sjukepleiar eller vernepleiar
Erfaring frå, og/eller interesse for, leiing. Leiarkompetanse og erfaring frå arbeid med brukargruppa er eit føremon.
Kunnskap og forståing av turnus, arbeidstidsordningar og lovverk knytt til dette.
Erfaring og kompetanse innan psykiatri
Den som vert tilsett må ha gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Det er krav om å leggje fram politiattest for alle som yter tenester innanfor rehabilitering, helse og omsorg ref. Helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4
Tilsetjinga føreset at arbeidstakaren legg fram gyldig politiattest innan tiltreding dersom dette er kravd for stillinga etter lov eller forskrift. Dersom politiattest ikkje blir lagd fram innan fristen, eller attesten viser forhold som etter gjeldande regelverk er til hinder for tilsetjing i stillinga, kan arbeidsgivar avgjere at arbeidstakaren ikkje kan tiltre stillinga.
Me kan tilby:Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø
Godt arbeidsmiljø
Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk.
Offentleg tenestepensjon.
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Kontaktperson: Einingsleiar Esther Aasen Bjelland, tlf 975 52 097
Stord ligg sentralt i Sunnhordland mellom Stavanger og Bergen. Kyststamvegen E39 går over Stord, og Stord lufthamn har faste daglege ruter til og frå Oslo. Kommunen utgjer den sørlege delen av Stordøy i tillegg til den mindre øya Huglo. Nord på Stordøy ligg Fitjar kommune. Gjennom Trekantsambandet er Stord landfast med Bømlo og Haugalandet/Haugesund.
Stordsamfunnet har i heile etterkrigstida vore prega av vekst og endring. Skipsbyggings- og seinare den oljeretta industrien har vore motoren i næringsutviklinga.
Samfunnet er som næringslivet internasjonalt retta. Det fleirkulturelle samfunnet gjer at ein er opne for variasjon, nye idear og tankar til beste for komande generasjonar.
Ikkje minst er Stord byen og senteret i regionen Sunnhordland med mange og varierte tilbod innan privat og offentleg tenesteyting, handel og undervisning, idrett og kultur.
Byen sine unike fortrinn er at ”alt er nært”; både fjord og fjell, kulturtilbod, arbeidsplassar, offentlege etatar, handelssentra og uteliv.