
Areal og byggesak i Sunnfjord kommune er ei tverrfagleg eining med ansvar for samfunnsutvikling, arealforvaltning og myndigheitsutøving etter plan- og bygningslova. Eininga omfattar fagområda kommuneplanlegging, reguleringsplanar, byggesak, oppmåling og matrikkel, geodata/GIS, dispensasjonssaker, delingssaker, adressering og namnesaker. Vi arbeider tett med politisk leiing, administrasjon, innbyggarar, næringsliv og regionale styresmakter for å legge til rette for berekraftig utvikling i kommunen.
Planavdelinga i Sunnfjord kommune har ei sentral rolle i utviklinga av kommunen. Avdelinga arbeider med kommuneplan, områdereguleringar, detaljreguleringar, by- og tettstadsutvikling, strategiske planoppgåver og juridiske vurderingar innan plan- og bygningsrett. Vi er eit sterkt fagmiljø som samarbeider tett med andre fagområde i kommunen og med eksterne aktørar om å skape gode og framtidsretta løysingar for lokalsamfunnet.
Personleg eigenskap vil bli tillagd stor vekt. Vi legg vekt på den samla kompetansen din, og oppmodar deg til å søke sjølv om du ikkje oppfyller alle kvalifikasjonskrava fullt ut.
Du søker elektronisk.
Velkomen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!
Sunnfjord kommune ligg sentralt i Vestland fylke, og tilbyr rike naturopplevingar frå fjord til bre. Kommunen har om lag 22 000 innbyggarar, og er sentrum for handel, service og utdanning i regionen. Kulturlivet er variert med teater, kino, konsertar og utstillingar. I kommunen er det breitt tilbod av bustadar og tomter.