| Søknadsfrist: |
10.01.2027
|
| Søknadsfrist: |
10.01.2027
|

Ledig stilling frå 1. juni 2027 med søknadsfrist 10. januar 2027.
Vestland Revisjon KO er eit interkommunalt revisjonsselskap som primært yter revisjonstenester til eigarkommunane. Selskapet er eigd av kommunane Askvoll, Bremanger, Fjaler, Gloppen, Gulen, Hyllestad, Høyanger, Kinn, Luster, Sogndal, Solund, Stad, Stryn, Sunnfjord, Vik og Årdal.
Hovudkontoret ligg i Førde. Vi har ein desentralisert struktur med regionkontor i Florø, Sogndal, Hyllestad, Måløy, Nordfjordeid og Stryn.
Vi har eit breitt oppdragsgrunnlag som omfattar rekneskapsrevisjon, forvaltningsrevisjon, selskapskontroll, etterlevingsrevisjon, attestasjonsoppgåver og rådgjeving. I tillegg til kommunar reviderer vi interkommunale selskap, kommunale føretak, kyrkjelege fellesråd, legat, stiftingar og foreiningar. Vi nyttar revisjonsverktøyet «Descartes», og nynorsk er administrasjonsspråket i selskapet.
Vi søkjer no etter revisor til finansiell revisjon.
Vi kan tilby deg:
Vi ønskjer at du:
Arbeidstakarar blir tilsette i Vestland Revisjon KO på dei vilkår som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglement og tariffavtaler. Det kan bli stilt krav om politiattest for god vandel.
Stillinga får kontorstad i Stryn eller Førde. Andre ønskje om arbeidsstad kan vurderast.
Slik søkjer du:
Send søknad med CV, vitnemål, attestar og referansar til
e-post: postmottak@vestrev.no innan 10. januar 2027.
For nærare opplysningar om stillingan, ta kontakt med dagleg leiar Asgeir Tveit på telefon 908 74 388.