| Søknadsfrist: |
27.11.2026
|
| Søknadsfrist: |
27.11.2026
|

Sande omsorgssenter er ein institusjon som ligg sentralt i Sunnfjord kommune, like ved E-39 og ca. 20 min frå Førde. Institusjonen har 40 sengeplassar fordelt på to avdelingar. Omsorgssenteret har 35 årsverk. Lærlingar, elevar og studentar er jamt innom for opplæring og bidreg til eit utviklande miljø. Vi er opptatt av den gode dagen for dei som bur og arbeider her.
Har du lyst på eit arbeid som gir deg mykje glede, ansvar og faglege utfordringar? Då må du søke stilling ved Sande omsorgssenter.
Vi har ledig:
Vi har prøv ut langvakter og har god erfaring med det. Det er høve til å kombinere med langvakt og kortvakt. Vi tilpassar så lengt det let seg gjere etter behov. Går ein langvakt i helgar er det arbeid kvar 4.helg. Ved kortvakter i helgar er det arbeid kvar 3.helg.
Før tilsetting må søkar kunne levere politiattest uten merknader.
Du søker elektronisk.
Vi ser fram til å høyre frå deg, velkommen som søkar!
Kontaktperson:
Tove Aarberg
tlf: +47 57718221
E-post: tove.aarberg@sunnfjord.kommune.no
Sunnfjord kommune ligg sentralt i Vestland fylke, og tilbyr rike naturopplevingar frå fjord til bre. Kommunen har om lag 22 000 innbyggarar, og er sentrum for handel, service og utdanning i regionen. Kulturlivet er variert med teater, kino, konsertar og utstillingar. I kommunen er det breitt tilbod av bustadar og tomter.