
Vi søker ein engasjera og faglig sterk HR-rådgjevar som ynskjer å vere ein god støttespelar for leiarane og tilsette. Stillinga er sentral i kommunen sitt arbeid med personalforvaltning, arbeidsmiljø og organisasjonsutvikling og inneber eit nært samarbeid med leiarane, tillitsvalgte og vernetjenesta.
Hos oss får du ein variert arbeidskvardag der du kombinerer rådgjeving, saksbehandling og utviklingsarbeid i ein organisasjon med korte beslutningsvegar og stort handlingsrom.
Arbeidsoppgåver
- Veilede og støtte leiarane i personal- og HR-relaterte spørsmål
- Saksbehandling innan arbeidsrett, personalforvaltning og HMS
- Bidra i oppfølging av sjukefravær, arbeidsmiljø og medarbeiderutvikling
- Delta i forebuing og gjennomføring av drøftings- og medråderettsmøte
- Bidra til godt samarbeid med tillitsvalgte og vernetjenesta
- Utarbeide og følge opp rutiner, retningsliner og personalpolitiske tiltak
- Delta i rekrutteringsprosessar og onboarding av nye medarbeiderar
- Bidra i organisasjonsutvikling og forbedringsarbeid
- Andre HR-relaterte oppgåver etter behov
Kvalifikasjonar
- Relevant høgare utdanning innan HR, organisasjon og/eller leiing
- Erfaring fra operativt og strategisk HR-arbeid, rådgjeving og saksbehandling
- Kunnskap om lov og avtaleverk og offentleg forvaltning
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne
- God digital kompetanse
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
- Er trygg i rådgjevarrolla og bygger gode relasjoner
- Er strukturert og har god gjennomføringsevne
- Evner å handtere både operative og strategiske oppgåver
- Er løsningsorientert og sjølvstendig
- Har høg grad av integritet og rolleforståing
Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt
Vi tilbyr
- Ein spanande og variera HR-stilling med stor grad av sjølvstendighet
- Eit godt arbeidsmiljø med dyktige og engasjera kollegaer
- Mogleghet til å påvirke utviklinga av kommunen som organisasjon
- Faglege utviklingsmogleghetar
- Løn etter avtale og offentleg pensjonsordning
Kontaktinformasjon
Ulf Pedersen
Kommunedirektør