| Søknadsfrist: |
29.10.2026
|
| Søknadsfrist: |
29.10.2026
|

Vi har ledig 100% fast stilling som barnehagelærar i barnehagane våre. Vi har fire flotte barnehagar i Nissedal kommune, og ein vil kunne bli flytta mellom barnehagane etter behov. For komande barnehageår er denne stillinga tenkt i Treungen barnehage.
Treungen barnehage er ein to-avdelings barnehage i Treungen, med eit stort og godt uteområde og gode turområde.
Du vil møte engasjerte, fleksible og faglege tilsette som er opptatt av å lage gode dagar for barna med stort høve til leik, læring og relasjonsbygging.
Vi legger vekt på fagleg utvikling. Vi arbeidar nå med hjernevennleg oppvekst i heile oppvekstsektoren i kommunen.
Som barnehagelærerar har du ansvar for planlegging, gjennomføring og evaluering av det pedagogiske arbeidet i tråd med rammeplanen for barnehagens innhold og oppgåver. Du vil bidra til å utvikle og oppretthalde eit godt foreldresamarbeid, og vere ein tydelig rollemodell for barna.
Oppgåver jamfør stillingsomtala for pedagogisk leiar i Nissedal kommune.
Personar utan formell kompetanse kan bli vurdert dersom det ikkje melder seg søkjarar i målgruppa.
Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar, stabilitet og nærvær på arbeidsplassen.
Anna:
Kommunen nyttar nynorsk som skriftspråk.
Dersom interne tilsetjingar, kan andre stillingar bli ledig.
Kontaktinformasjon
Natalie Zernichow Fjalestad
Styrar Treungen barnehage
Telefon:+47 47 62 92 75
Nissedal kommune ligg sør i Vest-Telemark, og er ein kommune i vekst. Treungen er administrasjonsstaden, og andre tettbygde stader er Kyrkjebygda, Fjone, Haugsjåsund og Felle.
Namnet Nissedal kjem frå innsjøen Nisser. Frå gamalnorsk blei Nisser kalla «Niðsær», der fyrste del «Nið» tyder «brusande», medan andre del «sær» tyder «sjø».
Nisser er ein av dei største innsjøane i Telemark og er eit dominerande landskapsmerke med innbydande sandstrender og svaberg omkransa av blankskura og høgreiste fjell. Den fire mil lange og 250 meter djupe innsjøen inneheld reint, klårt drikkevatn.
Langs Nisser finn ein sjeldsynte hellemålingar, gravhaugar og mange andre minne etter gamal busetjing.
I skogane og heiområda i Nissedal finn ein heile 1750 større og mindre vatn. Det er eit eldorado for dei badeglade, og på Fjone finn ein kilometerlange sandstrender. Her er også gode vilkår for kanopadling, båtsport og fiske i vatna og elvane.
Klimaet er svært bra, og terrenget innbyr til turgåing, sommar som vinter.
Næringslivet i kommunen er variert. Viktige næringar er industri og handverk, handel, reiseliv og turisme og hytteutbygging.
Vi har barnehage i Kyrkjebygda, Fjone, Treungen, Haugsjåsund og på Felle.
I Treungen er det blant anna omsorgssenter, bu- og avlastingsenter, Fleirbrukshus, bibliotek og kino.