| Søknadsfrist: |
18.10.2026
|
| Søknadsfrist: |
18.10.2026
|

Me har to ledige sjukepleiar stillingar, ved Vinje interkommunale legevakt og Vinje fastlegetjeneste. Me leitar etter sjukepleiarar som har lyst til å bli ein del av vårt team, som består av sjukepleiarar, helsesekretær og legar. Stillingane inngår i 3 delt turnus og fordelt mellom legevakt og fastlegekontor.
Å jobbe i legetenesta gjev deg eit vidt spekter av oppgåver og utfordringar som skal løysast. Du må vera kreativ og kunne stole på eigne vurderingar. Du møter menneske i alle aldrar og mange spennande problemstillingar som gjev læring og utvikling.
Fastlegekontor
Blodprøvetakning og labratoriearbeid
Sårstell og småkirurgiske assistansar
Vaksinasjon
Medisinhandtering
Telefonrådgjeving
Administrativt arbeid
Eventuelt kunne fylgje opp og ta ansvar for oppgåver som legekontoret ynskjer å tilby
Legevakt
Triage og akuttvurderingar, både på telefon og oppmøte
Akuttmedisinsk assistanse
Koordinering med AMK og ambulanse
Observasjon og overvaking av pasientar før eventuell vidare behandling
Dokumentasjon og rapportering (NEWS,TRIAGE SKJEMA)
Beredskapsarbeid
Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
Erfaring frå klinisk legevaktsarbeid og telefontriagering ved legevaktsentral.
Erfaring frå klinisk arbeid ved fastlegekontor.
Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
Du har gode ferdigheiter i kommunikasjon og samhandling med pasientar og samarbeidspartnarar.
Du har kompetanse og beslutningsevne i akuttmedisinske situasjonar.
Du har evne til å arbeide målretta, strukturert og løysingsorientert.
Du har motivasjon og evne til å tileigne deg ny kunnskap, og ønskjer å bidra til utvikling av gode tenester.
Du trivst med utfordrande og variert arbeid.
Du er ein lagspelar som bidreg til eit godt arbeidsmiljø.
Du er fleksibel og tilpassingsdyktig.
Vinje kommune nyttar nynorsk som offisielt skriftspråk.
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
For stillingar der det er krav om politiattest, må godkjend attest leggast fram før tilsetting.
Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Bur du i Vinje kommune kan du søkje om å få sletta studielånet, les meir på lanekassen.no.
Kontaktinformasjon
Ingrid Helene Smeland
Avdelingsleiar legekontor og legevakt
Nasjonalparkkommunen Vinje byr på spanande kontrastar. Her møter kultur og folkekunsttradisjonar eit blømande og moderne næringsliv. Rolege og blide kulturlandskap møter ville og majestetiske høgfjell. Brusande elver møter stille fjellvatn.
Med eit areal større enn Vestfold fylke har kommunen rikeleg med tumleplass, der dei kontrastfylte årstidene på mange vis legg premissane for det breie utvalet av friluftsaktivitetar.
Åmot er eit regionalt handelssenter, med eit rikt tilbod av varer og private og offentlege tenester. Haukeli og Rauland er sentra i attraktive turistområde, der ein av landets mest omfattande hytteutbyggingane har funne stad gjennom fleire år.
Inntektene frå den store kraftproduksjonen i Vinje har gjort det mogleg å utvikle eit høgt nivå på den kommunale tenesteytinga - ikkje minst innanfor skule, helse og omsorg.