| Søknadsfrist: |
13.12.2026
|

Førde bu- og miljøteneste, eining 3 yter døgnkontinuerlege tenester til personar med psykisk utviklingshemming og andre som har behov for langvarige og koordinerte tenester.
Vi arbeider tverrfagleg og gir støtte, rettleiing og opplæring i daglege aktivitetar. Målet vårt er å legge til rette for ein trygg, aktiv og meiningsfull kvardag med størst mogleg grad av meistring og sjølvstende. Tenestene omfattar mellom anna oppfølging innan personleg hygiene, ernæring, aktivitet og sosial deltaking, i tillegg til oppfølging av somatiske og psykiske helseutfordringar.
Vi har ledig 100 % fast stilling som miljøterapeut, med arbeidsstad for tida på Vassenden.
Hos oss får du ein variert og meiningsfull arbeidskvardag der du blir godt kjend med tenestemottakar og får høve til å bidra til tryggleik, meistring og gode dagar. Stillinga er knytt til eit butiltak der du følgjer opp ein tenestemottakar med behov for tett og individuelt tilpassa oppfølging.
Langvaktene gir god kontinuitet i oppfølginga, samtidig som turnusordninga gir færre arbeidshelger og meir samanhengande fritid. Stillinga har for tida langvakter på 12,5 timar og arbeid kvar fjerde helg.
Vi ønsker ein miljøterapeut som er trygg, engasjert og oppteken av å skape gode kvardagar for andre.
Du:
Personlege eigenskapar vil bli tillagde stor vekt.
Vi ser fram til å høyre frå deg.
Søknad skal sendast elektronisk.
Sunnfjord kommune ligg sentralt i Vestland fylke, og tilbyr rike naturopplevingar frå fjord til bre. Kommunen har om lag 22 000 innbyggarar, og er sentrum for handel, service og utdanning i regionen. Kulturlivet er variert med teater, kino, konsertar og utstillingar. I kommunen er det breitt tilbod av bustadar og tomter.