| Søknadsfrist: |
05.10.2026
|
| Søknadsfrist: |
13.09.2026
|
| Søknadsfrist: |
09.10.2026
|
| Søknadsfrist: |
27.09.2026
|
| Søknadsfrist: |
23.09.2026
|
| Søknadsfrist: |
23.09.2026
|
| Søknadsfrist: |
22.09.2026
|

Vil du ha ein jobb der du gjer ein forskjell kvar dag, utviklar deg fagleg og der me har fokus på eit inkluderande arbeidsmiljø?
Vinje sjukeheim søkjer ein engasjert helsefagarbeidar i 100 % fast stilling. Hos oss får du ein variert og meiningsfull arbeidskvardag der du er med på å skape tryggleik, meistring og gode opplevingar for bebuarane våre.
Ved Vinje sjukeheim er me opptekne av å sjå den enkelte bebuar. Me legg vekt på livskvalitet og gode relasjonar. Kvar dag jobbar me for å skape ein trygg og meiningsfull kvardag for bebuarane gjennom omsorg, fagleg kvalitet og aktivitetar som gir glede og meistring. Som medarbeidar hos oss blir du ein del av eit inkluderande fagmiljø der dine idear og meiningar blir hørt.
Du får god opplæring, støtte frå erfarne kollegaer og moglegheit til å utvikle kompetansen din innan eldreomsorg og demensomsorg. Me nyttar årsturnus, noko som gir deg stor grad av fleksibilitet og innverknad på eigen arbeidskvardag. Saman skaper me ikkje berre gode dagar for bebuarane våre, men også ein arbeidsplass der folk trivst, utviklar seg og blir verande.
Langtidsavdelinga har 25 rom fordelt på tre grupper. To av gruppene er tilpassa personar med demens, og ei gruppe er ei somatisk langtidsavdeling.
Me legg vekt på personlege eigenskapar ved tilsetjing.
Vinje kommune nyttar nynorsk som offisielt skriftspråk.
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
For stillingar der det er krav om politiattest, må godkjend attest leggast fram før tilsetting.
Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Bur du i Vinje kommune kan du søkje om å få sletta studielånet. Sjå lånekassa for vilkår.
Kontaktinformasjon
Hanne Kristin Finkenhagen
Avselingsleiar langtidsavdelinga
Telefon:+47 99 25 16 24
E-post:hanne.kristin.finkenhagen@vinje.kommune.no
Nasjonalparkkommunen Vinje byr på spanande kontrastar. Her møter kultur og folkekunsttradisjonar eit blømande og moderne næringsliv. Rolege og blide kulturlandskap møter ville og majestetiske høgfjell. Brusande elver møter stille fjellvatn.
Med eit areal større enn Vestfold fylke har kommunen rikeleg med tumleplass, der dei kontrastfylte årstidene på mange vis legg premissane for det breie utvalet av friluftsaktivitetar.
Åmot er eit regionalt handelssenter, med eit rikt tilbod av varer og private og offentlege tenester. Haukeli og Rauland er sentra i attraktive turistområde, der ein av landets mest omfattande hytteutbyggingane har funne stad gjennom fleire år.
Inntektene frå den store kraftproduksjonen i Vinje har gjort det mogleg å utvikle eit høgt nivå på den kommunale tenesteytinga - ikkje minst innanfor skule, helse og omsorg.