
Skulen har ledig inntil 80 % vikariat som miljøarbeidar frå 14.09.2026. Stillinga er primært knytt til elevar på restaurant og matfag. Det kan også vere oppgåver knytt til andre programområde.
Førde vidaregåande skule har om lag 1000 elevar og 220 tilsette, og er den største vidaregåande skulen i Vestland Nord. Vi har fokus på profesjonsutvikling og skuleutvikling. Skulen har topp moderne spesialrom, i tillegg til ny idrettshall og eit levande bibliotek. Vi har som mål å levere opplæring av høg kvalitet.
Skulen er geografisk tredelt, med skuledrift på Mo, i Høyanger og i Førde sentrum. Denne stillinga er primært knytt til Førde og Mo. Vi tilbyr utdanningsprogramma Bygg og anleggsteknikk, Elektro og datateknologi, Helse- og oppvekstfag, Kunst, design og arkitektur, Media og kommunikasjon, Naturbruk, Restaurant- og matfag, Sal, service og reiseliv, Studiespesialisering, Teknologi og industrifag. I tillegg har vi ansvar for undervisning ved sjukehuset, vaksenopplæring og ulike kurs.
Arbeidsoppgåver
Miljøarbeidaren har ein viktig funksjon i elevane sin skulekvardag
Vi søkjer etter deg som har fagbrev innan restaurant og matfag, eventuelt anna relevant erfaring. Fagbrev som barne og ungdomsarbeidar kan også vere ønskeleg.
Du bør ha god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk.
Personlege eigenskapar blir vektlagde.
Vi ønsker at du:
Tilsetting skjer på grunnlag av lov- og avtaleverk og føreset godkjent politiattest. Det vert teke atterhald om tilsetjing då overtalige ved andre skular kan ha førerett til stillinga.
Kontaktinformasjon
Kari-Ann Bruland
avdelingsleiar
Telefon:+47 91784066
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.