| Søknadsfrist: |
19.07.2026
|
| Søknadsfrist: |
19.07.2026
|

Korleis byggjer vi sterkare forbindelsar mellom utdanning, arbeidsliv og samfunn?
Med over 2000 studentar er Fagskulen Vestland ein av dei største offentlege fagskulane i landet. Vi utdannar mellom anna morgondagens fagspesialistar, prosjektleiarar og mellomleiarar innan viktige samfunns- og næringsområde. Fagskulen har åtte studiestader frå Måløy i nord til Stord i sør, om lag 200 tilsette og eit utviklingsorientert arbeids- og læringsmiljø.
Fagskuleutdanning er høgare yrkesfagleg utdanning som byggjer på vidaregåande opplæring eller tilsvarande realkompetanse. Gjennom tett samarbeid med arbeidslivet utviklar vi framtidsretta utdanningar som møter kompetansebehova i regionen og samfunnet.
Fagskolen Vestland står i ei tid der kompetanseutvikling, omstilling og livslang læring blir stadig viktigare. Samfunnet står overfor store endringar knytt til teknologiutvikling, det grøne skiftet, demografi og tilgang på rett kompetanse. Skal vi lukkast, krev det meir enn gode utdanningstilbod. Det krev samarbeid, tillit, felles retning og evne til å samle aktørar rundt felles mål.
Vi er på jakt etter ein seniorrådgivar som skal bidra til å styrkje Fagskulen Vestland si rolle som ein sentral kompetanseaktør, samfunnsutviklar og samarbeidspartnar regionalt og nasjonalt. Vi skal vere det verdiskapande arbeidslivet sitt førsteval når det gjeld kompetanseheving.
Om du er interessert i disse områda så er dette stillinga for deg. Stillinga er nyoppretta og er i fyste omgong ein prosjektstilling over to år. Den som vert tilsett vil i stor grad vere med å utforme stillinga.
Hos oss får du:
Spørsmål om stillingen
Kontaktperson: Torbjørn Mjelstad
Stillingstittel: rektor
Mobil: 97 14 20 81
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.