| Søknadsfrist: |
30.06.2026
|
| Søknadsfrist: |
30.06.2026
|

Vil du vere med å utdanne framtidas maritime leiarar og bidra til utviklinga av utdanningane innan maskin- og dekksoffiserfaget? Då kan dette vere stillinga for deg!
Studiestaden vår i Måløy søkjer ein engasjert og fagleg dyktig medarbeidar til teamet vårt.
Med over 2100 studentar er Fagskulen Vestland ein av dei største offentlege fagskulane i landet, og utdannar mellom anna framtidas dekksoffiserar og maskinoffiserar.
Fagskulen Vestland har åtte studiestader – frå Måløy i nord til Stord i sør. Vi er om lag 200 tilsette og har eit utviklingsorientert arbeids- og læringsmiljø.
Fagskuleutdanning er høgare yrkesfagleg utdanning som byggjer vidare på vidaregåande opplæring eller tilsvarande realkompetanse. Vi samarbeider tett med arbeidslivet i Vestland for å utvikle framtidsretta utdanningstilbod, både lengre studium og kortare kurs og utdanningar.
Studentane våre er attraktive i arbeidsmarknaden. Utdanningane gir ein kombinasjon av praktisk og teoretisk kompetanse som kvalifiserer til stillingar med krav til både teknisk innsikt og leiarkompetanse.
Avdelinga i Måløy har eit utviklingsorientert og triveleg arbeidsmiljø. Studia er heiltidsstudium over to skuleår. Utdanninga er hovudsakleg lokalisert i Måløy, men stillinga kan krevje undervisning ved andre studiestader.
Det er til saman over 60 studentar og 10 tilsette ved avdelinga i Måløy.
Kontaktinformasjon
Einar Folkestad
Utdanningsleiar
Telefon: 41530692
E-post: einar.bjarne.folkestad@vlfk.no
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.