| Søknadsfrist: |
21.06.2026
|
| Søknadsfrist: |
21.06.2026
|

Du kjenner deg igjen i verdiane våre som er open, kompetent og modig. Utover det er følgjande eigenskaper viktig:
Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar ved tilsetting.
Faglege kvalifikasjonar:
- Me søkjer deg som har fagbrev som industrimekanikar eller anna mekanikar, eventuelt sveisar eller platearbeidar, eller anna relevant fagbrev.
- Erfaring frå industribedrift.
- Det er vidare ynskjeleg med godkjend pedagogisk utdanning, dvs yrkesfaglærarutdanning eller praktisk-pedagogisk utdanning, men dette er ingen føresetnad.
Anna kompetanse:
- Erfaring i bruk av IKT.
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.