| Søknadsfrist: |
16.06.2026
|
| Søknadsfrist: |
16.06.2026
|

Yksnebjør barnehage har to ledige vikariat som barne- og ungdomsarbeidar for barnehageåret 2026/2027 – eitt i 100 % stilling og eitt i 50 % stilling. Ynskjer du å vere med og skape gode kvardagar fylt med leik, læring og omsorg? Då vil vi gjerne høyre frå deg!
Hos oss får du ein variert og kjekk arbeidskvardag saman med barna, og du blir del av eit godt arbeidsmiljø med ei fin aldersblanding i kollegiet. Du vil vere ein viktig del av eit engasjert fagmiljø som jobbar for at barna skal oppleve tryggleik, meistring og glede i kvardagen.
Vi tilbyr introduksjonsprogram for nytilsette, løn etter sentralt løns- og stillingsregulativ, samt svært gode pensjons- og forsikringsordningar.
Yksnebjør barnehage har i frå hausten 73 barn og 19 tilsette fordelt på 6 avdelingar. Vi held til i to bygg, der eitt er eit nybygg frå 2016. Vi legg stor vekt på å vere mykje ute og bruke nærområdet aktivt. Små og store er glade i å gå på tur og utforske dei ulike årstidene.
Ta gjerne kontakt dersom du har spørsmål om stillingane.
Vi ser etter deg som:
Kommunen er oppteken av kjønnsbalanse i kollegiet, og menn vert føretrekte under elles like føresetnader.
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje ligg føre særlege grunnar for unntak, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden før lista vert gjort offentleg.
Vakre Fjaler kommune ligg i Sunnfjord i Vestland fylke, mellom fjord og fjell, om lag tre timar nord for Bergen.
Med vår flotte natur, engasjerte lokalsamfunn og spanane arbeidstilbod, er Fjaler kommune ein stad der livskvalitet står i fokus, og der menneske i alle livsfasar finn tryggleik og trivsel.