| Søknadsfrist: |
14.06.2026
|
| Søknadsfrist: |
14.06.2026
|

Laksevåg og Bergen maritime vgs har 80 tilsette og omlag 500 elevar. Skulen har totalt 33 klasser med tilbod innan bygg- og anleggsteknikk, elektro- og datateknologi, elektro- og datateknologi med spesiell studiekompetanse og teknologi- og industrifag. Innanfor teknologi- og industrifag tilbyr skulen industriteknologi, brønnteknikk, kjemiprosess og laboratoriefag og maritime fag. Skulen er lokalisert i Bergen sentrum og på Laksevåg.
Ved skulen er det ledig stilling som assisterande rektor frå 1.august 2026.
Assisterande rektor fungerer som skulens øvste leiar ved rektor sitt fråvær.
Det er eit vilkår om godkjend politiattest for å bli tilsett i vidaregåande skule.
Spørsmål om stillingen
Kontaktperson: Jan Kåre Greve
Stillingstittel: rektor
Mobil: 91 68 09 78
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.