| Søknadsfrist: |
10.06.2026
|
| Søknadsfrist: |
10.06.2026
|

Sunnfjord kommune er i gang med ny skulestruktur, og denne sommaren skjer det mykje! Vi treng engasjerte ungdomar som vil vere ein del av laget når vi flyttar og klargjer den nye ungdomsskulen på Hafstad. Dette er ei unik moglegheit til å få praktisk arbeidserfaring – samstundes som du bidreg til å forme gode læringsmiljø for framtida.
Vi ønsker søkarar som kan jobbe store delar av juli, og gjerne noko før og etter denne perioden.
Det er ein fordel om du har erfaring med enkel montering.
Du søker elektronisk.
Velkomen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg.
Dag Inge Roska
Stilling: Einingsleiar
mob: +47 907 93 592
Åge Ansgar Stafsnes
Stilling: Rektor
mob: +47 911 52 211
Sunnfjord kommune ligg sentralt i Vestland fylke, og tilbyr rike naturopplevingar frå fjord til bre. Kommunen har om lag 22 000 innbyggarar, og er sentrum for handel, service og utdanning i regionen. Kulturlivet er variert med teater, kino, konsertar og utstillingar. I kommunen er det breitt tilbod av bustadar og tomter.