| Søknadsfrist: |
01.06.2026
|
| Søknadsfrist: |
01.06.2026
|

Har du lyst å bidra og gjera ein forskjell for andre? Då kan Bruli bufellesskap vera rette staden for deg!
Me leitar etter engasjerte tilkallingsvikarar som ynskjer å jobbe med menneske – anten du er ferdig utdanna, student eller elev. Dette er ein flott moglegheit til å få verdifull erfaring innan psykisk helse og rus, og samstundes utvikle deg fagleg og personleg eller prøve noko nytt.
Bebuarane på Bruli bur i eigen leilegheit og får tilpassa tenester frå kommunen. Me er opptekne av å skape tryggleik, forutsigbarheit og gode kvardagar for kvar enkelt – på deira eigne premissar. I tillegg gjev me tenester til nokre brukarar som bur utanfor bufellesskapet.
Hos oss blir du ein viktig del av eit inkluderande og kompetent arbeidsmiljø, med fokus på fagleg utvikling og godt samarbeid.
Me legg vekt på personlege eigenskapar ved tilsetjing.
Bonusordning i sommarferien
Me tilbyr ein sommarbonus på kr. 22 000. Du får bonusen dersom du arbeider meir enn 75 % stilling, er med oss minst seks veker i sommarperioden i veke 26–33, og jobbar halvparten av helgene. Bonusen blir utbetalt i august eller september.
I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta.
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
For stillingar der det er krav om politiattest, må godkjend attest leggast fram før tilsetting.
Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Kontaktinformasjon
Kyrre Saupstad
Avdelingsleiar psykisk helse og rus
Telefon: +47 46618242
E-post: kyrre.saupstad@vinje.kommuneno
Nasjonalparkkommunen Vinje byr på spanande kontrastar. Her møter kultur og folkekunsttradisjonar eit blømande og moderne næringsliv. Rolege og blide kulturlandskap møter ville og majestetiske høgfjell. Brusande elver møter stille fjellvatn.
Med eit areal større enn Vestfold fylke har kommunen rikeleg med tumleplass, der dei kontrastfylte årstidene på mange vis legg premissane for det breie utvalet av friluftsaktivitetar.
Åmot er eit regionalt handelssenter, med eit rikt tilbod av varer og private og offentlege tenester. Haukeli og Rauland er sentra i attraktive turistområde, der ein av landets mest omfattande hytteutbyggingane har funne stad gjennom fleire år.
Inntektene frå den store kraftproduksjonen i Vinje har gjort det mogleg å utvikle eit høgt nivå på den kommunale tenesteytinga - ikkje minst innanfor skule, helse og omsorg.