
I vakre Skei på Jølster, ved breidda av Jølstravatnet, har Skei heimeteneste no ledig stilling.
Vi har som mål å vere ei teneste i utvikling, der pasient og fagleg fokus står sentralt. Vi likar strukturerte og effektive dagar, men og at det er rom for latter og god prat i pausane. Målet vårt er å finne dyktige og trivelege personar som kan vere med å dra i denne retninga. Er det deg? Vi håpar det og at du vart litt nysgjerrig no.
Stillinga har langvakter med jobb kvar 4.helg. 2-delt turnus.
Søkar må legge fram gyldig politiattest ved start i stilling.
Spørsmål kan rettast til Einingsleiar Heidi Husetuft, 90 18 94 60
Du søker elektronisk, velkommen som søkar!
Sunnfjord kommune ligg sentralt i Vestland fylke, og tilbyr rike naturopplevingar frå fjord til bre. Kommunen har om lag 22 000 innbyggarar, og er sentrum for handel, service og utdanning i regionen. Kulturlivet er variert med teater, kino, konsertar og utstillingar. I kommunen er det breitt tilbod av bustadar og tomter.