| Søknadsfrist: |
28.05.2026
|
| Søknadsfrist: |
28.05.2026
|

Arna vidaregåande ligg vakkert til på Garnes - med skogen som næraste nabo og Bergen sentrum berre ein kort togtur unna. Her møter du eit trygt og oversiktleg skulemiljø der trivsel, meistring og framtid står i sentrum. Skulen vart rehabilitert i 2018 og framstår som ny og moderne.
Skulen har utdanningsprogramma bygg-og anleggsfag, helse -og oppvekstfag, medium -og kommunikasjon og informasjonteknologi og medieproduksjon.
Arna vidaregåande skule søkjer IT-lærar i IKT -driftsfaget. Faget høyrer til utdanningsprogrammet informasjonsteknologi og medieproduksjon.
Stillinga er 100% fast.
Funksjon som kontaktlærar kan bli lagt til stillinga.
Lærar i IT-driftsfaget. Planlegge og drive læreprosesser. Motivere og støtte elevane i opplæringa.
Frå læreplanen:
Kjerneelementet IT-støtte og kommunikasjon handler om å utøve service og brukerstøtte innenfor IT-systemer og IT-tjenester. Videre handler det om å veilede og lære opp brukere og å samarbeide med leverandører og kolleger. Det handler også om å bruke og lage dokumentasjon for systemer og arbeidsflyt på et språk som er tilpasset ulike mottakere, er tillitsskapende og bidrar til god informasjonsflyt.
Forskrift til opplæringslova § 12-8 skildrar krav for å bli tilsett i lærarstilling i programfag på yrkesfaglege utdanningsprogram i den vidaregåande opplæringa. Fylkeskommunen skal sørgje for at dei som skal tilsettast oppfyller eitt av desse krava:
a) Du har yrkesfaglærarutdanning. Du som har slik utdanning, kan tilsettast for å undervise i fag der du har minst 60 studiepoeng relevant utdanning.
b) Du har universitets- eller høgskoleutdanning som samla utgjer minst 180 studiepoeng, inklusive pedagogisk utdanning etter § 12-1. Du som har slik utdanning, kan tilsettast for å undervise i fag der du har minst 60 studiepoeng relevant utdanning.
c) Du har faglærarutdanning. Du som har slik utdanning, kan tilsettast for å undervise i fag der du har minst 60 studiepoeng relevant utdanning.
d) Du har fag- eller sveinebrev eller bestått anna yrkesfagleg vidaregåande opplæring. I tillegg må du ha to års yrkesteoretisk utdanning utover vidaregåande skolenivå og fire års yrkespraksis etter fullført vidaregåande opplæring. Slik bakgrunn kvalifiserer for tilsetting i fag som utdanninga eller bakgrunnen er relevant for. Det krevst også pedagogisk utdanning i samsvar med § 12-1.
e) Du har lærarutdanning med spesialpedagogisk utdanning tilsvarande minst 60 studiepoeng. Du som har slik utdanning, kan tilsettast for å gi individuelt tilrettelagd opplæring eller dersom det er ønskjeleg ut frå behova til elevane.
Dei som ved opptak til praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag har fått godkjent kravet om to års relevant yrkesteoretisk utdanning på grunnlag av realkompetanse, oppfyller kravet om to års yrkesteoretisk utdanning utover vidaregåande skolenivå i første ledd bokstav d.
Dersom du manglar delar av utdanningskravet blir start- og sluttidspunkt av utdanninga avtalt med leiar.
Det er ynskjeleg med:
Fagbrev, fag-eller høgskuleutdanning innanfor IT-drift. Anna relevant erfaring og sertifiseringar kan kompensere for formell utdanning.
Me ynskjer oss ein kollega som:
Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar ved tilsetting.
Du som skal tilsettast i vidaregåande skule må leggje fram godkjent politiattest.
Kontaktinformasjon
Svein Arne Nybø
ass. rektor
Telefon: 90266798
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.