| Søknadsfrist: |
18.05.2026
|
| Søknadsfrist: |
18.05.2026
|

Ved Eikanger skule har me ledig ein 100 % fast stilling som lærar f.o.m. 01.08.26, eller etter avtale.
Eikanger skule er ein fådelt skule med 67 elevar plassert på Eikangervåg, berre 13 minutt frå Knarvik. Skulen ligg flott plassert langs Osterfjorden med god tilgang til skog, fjell og sjø. Sidan 2013 har Eikanger skule vore sertifisert som «Dysleksivenleg skule». Ved skulen er det lagt vekt på å skape eit inkluderande og støttande læringsmiljø for alle elevar.
Eit av dei viktigaste satsingsområda det siste året har vore innan språk, lesing og skriving. Skuleåret 2025-2026 har vi delteke på desentralisert ordning for kompetanseutvikling (dekomp), og hatt i eit samarbeid med Nasjonalt Lesesenter ved Universitetet i Stavanger. Språk, lesing og skriving er eit område vi vil jobbe vidare med det komande året gjennom samarbeid og erfaringsdeling i profesjonsfelleskapet.
Les meir om skulen her
Eirin Dyngen
rektor
+4797076938
eirin.dyngen@alver.kommune.no
Alver kommune er ein heilt ny kommune! Vi ein av dei største kommunane i fylket med ca 30.000 innbyggjarar og 2650 tilsette. Vi treng fleire engasjerte og kompetente medarbeidarar!