| Søknadsfrist: |
17.05.2026
|
| Søknadsfrist: |
17.05.2026
|

Skei bu- og miljøteneste, er ei av 6 bu- og miljøeiningar i kommunen. Eininga har omlag 16 årsverk. Vi yt døgnkontinuerlege tenester til personar med psykisk utviklingshemming som treng langvarige og koordinerte tenester. Vi jobbar brukarnært og brukarane treng kontinuerleg oppfølging med trygge og føreseielege råmer. Det inneber støtte og opplæring knytt til dagleglivet sine funksjonar. Støtta inneber også hjelp til å meistre somatiske og psykiske vanskar.
Eininga vår er i bufelleskap på Skei med 7 leilegheiter. Personalbasen ligg i bufellesskapet.
Vi ønsker fagpersonar som kan bidra positivt inn i eininga vår. Har du eit stort engasjement og interesse for å arbeide med menneske med samansette hjelpebehov, og ønsker å vere del av eit kompetent fagmiljø basert på eit fagleg og målretta miljøarbeid? Då kan dette vere stillinga for deg.
Miljøterapeut:
Miljøarbeidar:
Helgestillingar:
Personlege eigenskapar vektast høgt.
Du søker elektronisk. Politiattest av nyare dato må leverast før start i stilling.
Vi oppmoder menn til å søke for å oppretthalde kjønnsbalansen i eininga.
Om du ikkje fyller kompetansekrav for stillingane kan du få mellombels tilsetting.
Velkomen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!
Kontaktperson:
Einingsleiar Mariann Heggheim
mob: +47 986 60 695
Sunnfjord kommune ligg sentralt i Vestland fylke, og tilbyr rike naturopplevingar frå fjord til bre. Kommunen har om lag 22 000 innbyggarar, og er sentrum for handel, service og utdanning i regionen. Kulturlivet er variert med teater, kino, konsertar og utstillingar. I kommunen er det breitt tilbod av bustadar og tomter.