| Søknadsfrist: |
08.05.2026
|
| Søknadsfrist: |
08.05.2026
|

Arna vidaregåande skule er ein tradisjonsrik og moderne skule i Arna med omlag 280 elevar og 45 tilsette. Skulen held til i nyoppussa moderne lokale på Garnes, med fjordutsikt mot Knarvik og Osterøy. Våre utdanningsprogram er studiespesialisering, Informasjonsteknologi og Medieproduksjon, bygg- og anleggsteknikk og helse- og oppvekstfag. Skulen er ein del av eit allsidig lokalsamfunn og har gode samarbeidstradisjonar med arbeids- og samfunnsliv. Skulen legg vekt på å skapa gode læringsmiljø og arbeidsvilkår for elevar og tilsette med fokus på utvikling, trivsel, kunnskap og meistring.
Undervisninga er lagt til alle nivå innan helse og oppvektfaga. Praktisk og teoretisk VG1 Helse og oppvekstfag, VG2 Helsefagarbeidar. Tett oppfølging av einskilde elevar opp mot opplærings bedrifter og fagopplæringskontor. Skape og utvikla opplæringa saman med elevar, kollegaer og skuleleiing. Me har og ønskje og forventning om stor samarbeidsvilje og evne, både i fagteam og i kollegiet. Arbeide aktivt saman med elevar og arbeidsliv for å skaffa læreplassar. Det kan bli aktuelt med kontaktlærarfunksjon i tillegg til undervisning.
Undervisninga alle nivå innan helse og oppvektfaga.
Forskrift til opplæringslova § 12-8 skildrar krav for å bli tilsett i lærarstilling i programfag på yrkesfaglege utdanningsprogram i den vidaregåande opplæringa. Fylkeskommunen skal sørgje for at dei som skal tilsettast oppfyller eitt av desse krava:
a) Du har yrkesfaglærarutdanning. Du som har slik utdanning, kan tilsettast for å undervise i fag der du har minst 60 studiepoeng relevant utdanning.
b) Du har universitets- eller høgskoleutdanning som samla utgjer minst 180 studiepoeng, inklusive pedagogisk utdanning etter § 12-1. Du som har slik utdanning, kan tilsettast for å undervise i fag der du har minst 60 studiepoeng relevant utdanning.
c) Du har faglærarutdanning. Du som har slik utdanning, kan tilsettast for å undervise i fag der du har minst 60 studiepoeng relevant utdanning.
d) Du har fag- eller sveinebrev eller bestått anna yrkesfagleg vidaregåande opplæring. I tillegg må du ha to års yrkesteoretisk utdanning utover vidaregåande skolenivå og fire års yrkespraksis etter fullført vidaregåande opplæring. Slik bakgrunn kvalifiserer for tilsetting i fag som utdanninga eller bakgrunnen er relevant for. Det krevst også pedagogisk utdanning i samsvar med § 12-1.
e) Du har lærarutdanning med spesialpedagogisk utdanning tilsvarande minst 60 studiepoeng. Du som har slik utdanning, kan tilsettast for å gi individuelt tilrettelagd opplæring eller dersom det er ønskjeleg ut frå behova til elevane.
Dei som ved opptak til praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag har fått godkjent kravet om to års relevant yrkesteoretisk utdanning på grunnlag av realkompetanse, oppfyller kravet om to års yrkesteoretisk utdanning utover vidaregåande skolenivå i første ledd bokstav d.
Dersom du manglar delar av utdanningskravet blir start- og sluttidspunkt av utdanninga avtalt med leiar.
Det er ynskjeleg med:
- Undervisningserfaring.
- Erfaring i bruk av IKT og varierte digitale undervisningsmetodar.
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne.
- Autorisasjon/sertifikat/kursbevis innan: sertifikat på bil Kl B
Me søkjer ein engasjert lærar som har evne til å motivera og byggja gode relasjonar til elevane. Være ein tydeleg vaksen og god rollemodell for ungdom.
Du som skal tilsettast i vidaregåande skule må leggje fram godkjent politiattest.
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.