| Søknadsfrist: |
29.04.2026
|
| Søknadsfrist: |
29.04.2026
|

Nordahl Grieg videregående skole er ein skole i Ytrebygda bydel i Bergen. Skolen stod ferdig i august 2010 og gir plass til 970 elevar og om lag 160 tilsette.
Det er eit mål å skape eit vekstmiljø for kunnskap, kreativitet og innovasjon. Den arkitektoniske utforminga av skolen samspelar med ei leiar- og lærarrolle som byggjer på eit sosiokulturelt læringssyn. Areala er transparente, fleksible og krev god samhandling.
Visjonen til skolen er ”Dristige hjerner i samspill”. Nordahl Grieg videregående skole tek mål av seg til å vera ein føregangsskole i bruk av digital læringsteknologi, noko som endrar undervisning og læring på grunnleggjande måtar. Skolen har høgt fokus på bærekraft.
Skolen har desse utdanningsprogramma: Studiespesialiserande, Medium og kommunikasjon og Helse- og oppvekstfag. Skolen har og avdeling for Tilrettelagt opplæring og avdeling Sykehusskolen. Avdeling Sykehusskolen er lokalisert i Glasblokkene på Haukeland sykehus. Skolen er ressurskule for døve og hørselshemma.
Skolen ønskjer å bevare eit levande teiknspråkleg miljø, og oppmodar personar med nedsett hørsel til å søkje stillingar hos oss.
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.