| Søknadsfrist: |
28.04.2026
|
| Søknadsfrist: |
28.04.2026
|

Likar du å jobbe med ungdom, og er du oppteken av kunnskap og kompetanse?
Trivst du i eit tverrfaglig opplæringsmiljø?
Då vil vi gjerne høyre frå deg!
Skulen har 170 tilsette som kvar dag legg til rette for læring og vekst for alle våre 860 elevar. No treng vi lærarar på elektro og teknologi og industrifag (TIF).
TIF er det største yrkesfaglege programområdet ved skulen, og elektro får ein ny klasse med automasjon på vg2 frå hausten. Vi har eit godt samarbeid med næringslivet som sikrar at alle våre elevar får læreplass etter fullført vg2!
Det kan bli aktuelt med kontaktlærarfunksjon i tillegg til undervisning
Sjå desse korte filmsnuttane med elevar på elektro og TIF for å bli litt meir kjent med oss:
Elektro: film elektro
TIF: film TIF
For stillingane er det krav om minimum fagbrev og yrkespraksis i fag som er relevant for programområdet. Primært automatisering.
Det er i tillegg ønskeleg med:
Om det ikkje melder seg søkjarar med både relevant undervisningskompetanse og pedagogisk utdanning kan andre søkjarar bli vurdert.
Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar ved tilsetting.
Du som skal tilsettast i vidaregåande skule må leggje fram godkjent politiattest.
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.