| Søknadsfrist: |
17.04.2026
|
| Søknadsfrist: |
21.04.2026
|
| Søknadsfrist: |
22.04.20226
|
| Søknadsfrist: |
19.04.2026
|
| Søknadsfrist: |
12.04.2026
|
| Søknadsfrist: |
08.04.2026
|
| Søknadsfrist: |
22.04.2026
|
| Søknadsfrist: |
30.04.20226
|
| Søknadsfrist: |
21.04.2026
|
| Søknadsfrist: |
21.04.2026
|
| Søknadsfrist: |
04.05.2026
|
| Søknadsfrist: |
14.04.2026
|
| Søknadsfrist: |
14.04.2026
|
| Søknadsfrist: |
13.04.2026
|
| Søknadsfrist: |
13.04.2026
|
| Søknadsfrist: |
13.04.2026
|
| Søknadsfrist: |
13.04.2026
|

Vinje er kommunen for deg som søkjer vakre naturopplevingar!
Vinje kommune ser etter ein ny fysioterapeut til vår fagleg engasjerte og trivelege fysio-ergoterapiavdeling. Hjå oss får du ein spanande arbeidskvardag i eit godt arbeidsmiljø. Tverrfagleg samarbeid er viktig for oss, og me er stolte av å ha høg kompetanse i alle ledd av dei kommunale tenestene. Vinje kommune er positiv til kreative utviklings- og fornyingsidear, og du har store moglegheiter til å påverke arbeidskvardagen din.
Fysio- og ergoterapiavdelinga er organisert under verksemda helse og førebygging, saman med legekontor, helsestasjon- og skulehelsetenesta, kommunepsykolog og det interkommunale jordmorsamarbeidet. Avdelinga består i dag av 3 kommunale fysioterapeutar, 2 ergoterapeutar og 3 fysioterapeutar med driftstilskot.
Hovudarbeidsoppgåva er tverrfagleg rehabilitering på ei velfungerande korttidsavdeling, med fagleg engasjerte og kreative tilsette. Me er gode på tverrfagleg samarbeid!
Me legg vekt på personlege eigenskapar ved tilsetting.
I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta.
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
For stillingar der det er krav om politiattest, må godkjend attest leggast fram før tilsetting.
Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Kontaktinformasjon
Elisabet Smalås Haagensen
Avdelingsleiar friskliv, fysio- og ergoterapitenesta
Telefon: +47 40903666
Nasjonalparkkommunen Vinje byr på spanande kontrastar. Her møter kultur og folkekunsttradisjonar eit blømande og moderne næringsliv. Rolege og blide kulturlandskap møter ville og majestetiske høgfjell. Brusande elver møter stille fjellvatn.
Med eit areal større enn Vestfold fylke har kommunen rikeleg med tumleplass, der dei kontrastfylte årstidene på mange vis legg premissane for det breie utvalet av friluftsaktivitetar.
Åmot er eit regionalt handelssenter, med eit rikt tilbod av varer og private og offentlege tenester. Haukeli og Rauland er sentra i attraktive turistområde, der ein av landets mest omfattande hytteutbyggingane har funne stad gjennom fleire år.
Inntektene frå den store kraftproduksjonen i Vinje har gjort det mogleg å utvikle eit høgt nivå på den kommunale tenesteytinga - ikkje minst innanfor skule, helse og omsorg.