| Søknadsfrist: |
04.05.2026
|
| Søknadsfrist: |
14.04.2026
|
| Søknadsfrist: |
14.04.2026
|
| Søknadsfrist: |
13.04.2026
|
| Søknadsfrist: |
13.04.2026
|
| Søknadsfrist: |
13.04.2026
|
| Søknadsfrist: |
13.04.2026
|
| Søknadsfrist: |
13.04.2026
|
| Søknadsfrist: |
13.04.2026
|
| Søknadsfrist: |
13.04.2026
|
| Søknadsfrist: |
12.04.2026
|
| Søknadsfrist: |
14.04.2026
|
| Søknadsfrist: |
21.04.2026
|
| Søknadsfrist: |
17.04.2026
|
| Søknadsfrist: |
12.04.2026
|
| Søknadsfrist: |
12.04.2026
|
| Søknadsfrist: |
17.04.2026
|
| Søknadsfrist: |
08.05.2026
|

Vil du vere med på å skape framtidas eldreomsorg? På Vinje sjukeheim får du høve til å bruke kompetansen din der den verkeleg betyr noko.
Me ser etter ein engasjert sjukepleiar som vil bidra til å vidareutvikle eit fagmiljø der trivsel, omsorg og kvalitet står i sentrum. Hos oss får du ein arbeidskvardag med varierte oppgåver, god støtte frå kollegaer og eit miljø der me heiar på kvarandre.
Har du lyst til å jobbe på sjukeheim og set pris på både faglege utfordringar og gode relasjonar – då håpar me du søkjer!
Dette er Vinje sjukeheim:
Me jobbar målretta for å gje kvar bebuar ein kvardag som tek utgangspunkt i deira eigne interesser, ressursar og behov. Pårørande er ein viktig samarbeidspartnar for oss, og saman skapar me gode og meiningsfulle dagar for bebuarane. Som sjukepleiar blir du ein viktig del av eit tverrfagleg team som samarbeider tett for å finne dei beste løysingane for kvar enkelt. Her får du utvikle deg, påverke, og vere med å forme eit trygt og fagleg sterkt tilbod.
Me nyttar årsturnus, noko som gir deg betre moglegheit til å påverke eigen arbeidskvardag og planleggje fritida di for heile året. Det er moglegheit til å jobbe langvakter på helg dersom du ynskjer det.
Me oppmodar nyutdanna til å søkje.
Personlege eigenskapar blir lagt vekt på ved tilsetjing.
I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta.
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
For stillingar der det er krav om politiattest, må godkjend attest leggast fram før tilsetting (ikkje eldre enn 3 månader).
Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Nasjonalparkkommunen Vinje byr på spanande kontrastar. Her møter kultur og folkekunsttradisjonar eit blømande og moderne næringsliv. Rolege og blide kulturlandskap møter ville og majestetiske høgfjell. Brusande elver møter stille fjellvatn.
Med eit areal større enn Vestfold fylke har kommunen rikeleg med tumleplass, der dei kontrastfylte årstidene på mange vis legg premissane for det breie utvalet av friluftsaktivitetar.
Åmot er eit regionalt handelssenter, med eit rikt tilbod av varer og private og offentlege tenester. Haukeli og Rauland er sentra i attraktive turistområde, der ein av landets mest omfattande hytteutbyggingane har funne stad gjennom fleire år.
Inntektene frå den store kraftproduksjonen i Vinje har gjort det mogleg å utvikle eit høgt nivå på den kommunale tenesteytinga - ikkje minst innanfor skule, helse og omsorg.