| Søknadsfrist: |
07.04.2026
|
| Søknadsfrist: |
15.03.2026
|
| Søknadsfrist: |
11.03.2026
|
| Søknadsfrist: |
11.03.2026
|
| Søknadsfrist: |
06.03.2026
|
| Søknadsfrist: |
16.03.2026
|
| Søknadsfrist: |
08.03.2026
|
| Søknadsfrist: |
08.03.2026
|
| Søknadsfrist: |
13.03.2026
|
| Søknadsfrist: |
13.03.2026
|

Det er ledig 100% vikariat som styrar ved Byrte barnehage frå snarast og fram til 31.07 - 2027.
Tokke kommune har sett fokus på fagleg utvikling, med ulike pedagogiske innfallsvinklar.
Styrar i Byrte samarbeider tett med Dalen barnehage i høve utviklingsarbeid. Styrar i Byrte er ikkje definert som mellomleiar.
Kollektiv kompetanseutvikling står sentralt – betre tverrfagleg innsats (BTI).
Frå hausten 2023 vart barnehagane i Tokke «Liv og røre barnehagar».
Byrte barnehage er ein 1 avdelings barnehage med plass til inntil 12 barn (avhengig av alder på barna). Me har barn i alderen 1 - 6 år.
Barnehagen er ein del av Byrte samfunnshus med flotte turområder, badeplass og skiløyper i nærleiken.
Organisering
Barnehagen i Byrte er open måndag, tysdag og onsdag frå kl 07.30 – 16.30.
Det er totalt 2 - 3 tilsette (inkludert styrar) med ei ressursramme på ca. 180%.
Dei 3 dagane barnehagen er open vil du vere pedagogisk leiar.
Torsdagane nyttast til administrasjon - og møtetid.
Då ein får lange arbeidsdagar måndag til torsdag vil ein kunne avspasere dei fleste fredagar.
Andre opplysningar:
Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar.
Vi i Tokke kommune er oppteken av mangfald, og oppfordrar difor alle som er kvalifisert til å søkje, uansett alder, kjønn, funksjonshemming og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.
Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Dei som vert tilsett, må leggje fram politiattest, før ein kan ta til i jobben.
I samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Kontaktinformasjon
Tone Lunde Skaalen
Kommunalsjef Oppvekst
Telefon: +47 97171406
Tokke kommune ligg i Vest-Telemark, midt mellom aust- og vestlandet. Kommunen har 2160 innbyggjarar og eit areal på 980 km2. Det er om lag 3,5 timar køyring til Oslo og 2 timar til fylkeshovudstaden Skien. Kommunehuset er lokalisert på Dalen, i nærleiken av det historiske Dalen Hotel og Telemarkskanalen.
Me er ein kraftkommune og Statkraft Region Sør-Noreg har eitt av sine to regionkontor i kommunen. I Tokke ligg òg Vest-Telemark vidaregåande skule.
Tokke har eit aktivt kulturliv med mange frivillige lag som nyttar kulturhus, grendehus og idrettsanlegg. Den siste flotte innsats som vi har i Tokke er eit kunstverk av ei badstoga, Soria Moria, blinkande som eit smykke i Bandak.