| Søknadsfrist: |
11.03.2026
|
| Søknadsfrist: |
11.03.2026
|
| Søknadsfrist: |
07.04.2026
|
| Søknadsfrist: |
15.03.2026
|
| Søknadsfrist: |
11.03.2026
|
| Søknadsfrist: |
06.03.2026
|
| Søknadsfrist: |
16.03.2026
|
| Søknadsfrist: |
08.03.2026
|
| Søknadsfrist: |
08.03.2026
|
| Søknadsfrist: |
13.03.2026
|
| Søknadsfrist: |
13.03.2026
|

Tokke er ein av seks kommunar i Vest-Telemark. Kommunen har omlag 2200 innbyggjarar. Vi har mange aktive bygder og grender, med kvar sine kvalitetar, tradisjonar og eldsjeler.
Oppvekst i Tokke har moglegvis ledige stillingar, faste og vikariat, som fagarbeidar/assistent frå 01.08.26/15.08.26. Både i barnehage og skule/SFO.
Omfang av stillingane kjenner vi fyrst etter hovudopptaket i barnehagen og søknadsfristen på SFO har gått ut.
Dalen barnehage
Ynskjer du meir informasjon kan du ta kontakt med styrar, Mona Båtnes, e-post: mona.baatnes@tokke.kommune.no eller mob.: 959 01 112
Høydalsmo barnehage
Ynskjer du meir informasjon kan du ta kontakt med styrar, Dagny Skjelbreid, e-post: dagny.skjelbreid@tokke.kommune.no mob.: 476 62 420
Byrte barnehage
Ynskjer du meir informasjon kan du ta kontakt med kommunalsjef for oppvekst, e-post: tone.lunde.skaalen@tokke.kommune.no mob. 971 71 406
Åmdals Verk barnehage
Ynskjer du meir informasjon kan du ta kontakt med styrar, Kristine Berthelsen, e-post: kristine.berthelsen@tokke.kommune.no mob.: 410 21 563
Tokke skule:
Ynskjer du meir informasjon kan du ta kontakt med rektor, Mona Seltveit, e-post: mona.seltveit@tokke.kommune.no eller mob. 916 99 148
Høydalsmo skule:
Ynskjer du meir informasjon kan du ta kontakt med rektor, Dordi Didriksen, e-post: dordid@tokke.kommune.no eller mob.: 922 16 608
Tokke kommune ligg i Vest-Telemark, midt mellom aust- og vestlandet. Kommunen har 2160 innbyggjarar og eit areal på 980 km2. Det er om lag 3,5 timar køyring til Oslo og 2 timar til fylkeshovudstaden Skien. Kommunehuset er lokalisert på Dalen, i nærleiken av det historiske Dalen Hotel og Telemarkskanalen.
Me er ein kraftkommune og Statkraft Region Sør-Noreg har eitt av sine to regionkontor i kommunen. I Tokke ligg òg Vest-Telemark vidaregåande skule.
Tokke har eit aktivt kulturliv med mange frivillige lag som nyttar kulturhus, grendehus og idrettsanlegg. Den siste flotte innsats som vi har i Tokke er eit kunstverk av ei badstoga, Soria Moria, blinkande som eit smykke i Bandak.