| Søknadsfrist: |
11.01.2026
|
| Søknadsfrist: |
11.01.2026
|
| Søknadsfrist: |
28.12.2025
|
| Søknadsfrist: |
05.01.2026
|
| Søknadsfrist: |
05.01.2026
|
| Søknadsfrist: |
05.01.2026
|
| Søknadsfrist: |
04.01.2026
|
| Søknadsfrist: |
02.01.2026
|
| Søknadsfrist: |
02.01.2026
|
| Søknadsfrist: |
01.01.2026
|
| Søknadsfrist: |
04.01.2025
|
| Søknadsfrist: |
14.01.2026
|
| Søknadsfrist: |
14.01.2026
|
| Søknadsfrist: |
28.12.2025
|
| Søknadsfrist: |
02.01.2026
|

Fjellgardane skule ligg på Hovden i Setesdal. Den er ein 1-7 skule og har om lag 50 elevar og for tiden 18 tilsette. Bykle
kommune har gode skular og ønskjer oss rektor som kan vere med å gjere sitt til at vi blir endå betre. Skulen er godt utstyrte, for både lærarar og elevar. Det er uteområde som egnar seg for uteundervisning. Skuleutvikling og gode læringsmiljø er viktige for oss. Rektor skal vera ein fagperson med pedagogisk utdanning som har jobba mykje med og i skule. Me ser etter deg som er engasjert og har kompetanse om læring, samarbeid og utvikling. Den som blir tilsett må ha gode relasjonelle ferdigheitar og innsikt i administrative oppgåver som økonomi, personaloppfølging og lovverk.
Som rektor ved Fjellgardane skule vil du få spele på lag med med rektor, barnehageleiar, kultur og fritidsleiar, samt kommunalsjef.
Det blir ved tilsetting lagt vekt på personlege eigenskapar.
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Bykle kommune som arbeidsgjevar:
Om Bykle:
Avstandar:
Tenkjer du på å flytte til Bykle? - Kjem du, er du velkomen!
Bykle er rik på det som er fint å vekse opp med, og som gir barna våre grunnleggjande verdiar, ei god ballast å ta med seg vidare. Ein treng tryggleik og positive omgjevnadar og impulsar for å kunne trivast og tru på seg sjølv. Vi som har bodd her ei stund veit alt om dette og vil gjerne at også du, om du vil, skal få oppleve dette. Vi er ikkje mange og vil gjerne bli fleire! Vi trur det er ein fordel at du likar småsamfunn og veit kva det krevst av den enkelte å leve og bu slik.Om du er viljug til å stå på og gjere ein innsats, vert samfunnet vårt enno betre å bu i, og du har kan hende funne ein plass der du vil byggje og bu.
God kommuneøkonomi har gjort det mogleg å investere i gode tilbod innan helse- og sosialtilbod, barne- og ungdomstilbod, kultur- og fritidstilbod. Vi har særs gode aktivitetsbygg både i Bykle og på Hovden og ellers fine lokale innan dei fleste område. Her kan alle oppleve ein god oppvekst, utfordrande næringsliv, eit mangfald av fritidstilbod og ein trygg alderdom.
Som innbyggjar i Bykle kommune får vi i pose og sekk når kommunen satsar på eit heilårleg reiselivstilbod. Ein roleg novemberdag er vi kan hende 900 personar totalt, og midt i påska kan det vere langt over 15 000 på besøk her.
Fritidstilboda er omfattande året rundt og over 30 friviljuge organisasjonar gjer det lett å vere aktiv og finne seg gode vener her.
VELKOMEN TIL OSS!