| Søknadsfrist: |
26.09.2026
|
| Søknadsfrist: |
26.09.2026
|

Eigedomsavdelinga er Vestland fylkeskommune si fagavdeling for bygge- og eigedomssaker. Avdelinga har ansvar for å ta vare på fylkeskommunen si byggherrefunksjon, og for forvaltning, drift, vedlikehald og utvikling av fylkeskommunen sine eigedomar. Den samla eigedomsmassen utgjer om lag 800 000 m², og omfatter vidaregåande skular, tannklinikkar, kollektivknutepunkt, kulturbygg og administrasjonsbygg. Eigedomsavdelinga har totalt om lag 400 tilsette. Av desse er om lag 40 tilsette ved kontoret i Bergen.
Det er ledig ei fast 100 % stilling som driftsoperatør ved Sandsli vgs. Sandsli videregående skole ligg sentralt på Sandsli i Bergen og har om lag 700 elevar og kandidatar, inkludert vaksenopplæring, samt rundt 80 tilsette. Skolen arbeider aktivt for å vere ein open møteplass for både elevar og nærmiljø. Sandsli-området er i sterk vekst, med stor tilflytting og venta betydeleg folkeauke i åra som kjem. Skoleanlegget omfattar om lag 8 600 kvadratmeter bygningsmasse og 11 000 kvadratmeter uteareal. Driftsoperatøren vil rapportere til områdeleiar.
Den som vert tilsett vil få opplæring i drift og vedlikehald av bygningar og tekniske anlegg.
Det er krav om godkjent politiattest.
Spørsmål om stillingen
Men van Nguyen
områdeleiar
+4793230556
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.