| Søknadsfrist: |
28.10.2026
|
| Søknadsfrist: |
28.10.2026
|

Os vidaregåande skule er ein kombinert skule som tilbyr studiespesialisering og yrkesfag. Skulen har om lag 700 elevar og 130 tilsette fordelt på to lokasjonar: Kolgskogheiane og Gymnasvegen.
Ved studiespesialiserande tilbyr skulen fordjuping innan idrettsfag, realfag eller språk- og samfunnsfag. Skulen tilbyr fem yrkesfaglege utdanningsprogram: bygg- og anleggsteknikk, elektro- og datateknologi, helse- og oppvekstfag, sal, service og reiseliv, og teknologi- og industrifag.
I tillegg har vi landsliner innan anleggsteknikk og yrkessjåfør, påbygg til generell studiekompetanse og særskilt tilrettelagd opplæring.
Skulen sitt elevsyn er å møta eleven med respekt, fleksibilitet og ei positiv innstilling. Visjonen vår byggjer på føremålsparagrafen i opplæringslova: Vi arbeider med samfunnets viktigaste verdi og bidreg til ei god framtid gjennom å utvikla sosialt kompetente og fagleg dyktige elevar og lærlingar for vidare liv, utdanning og yrke.
Skulen har frå 1. januar 2027 ledig 100 % fast stilling som miljøarbeidar.
Stillinga er for tida knytt til tilrettelagt opplæring, HTA og HTH.
Miljøarbeidaren har ein viktig funksjon i elevane sin skulekvardag:
Personlege eigenskapar blir vektlagde.
Vi ønsker at du:
Kontaktinformasjon
Jan Kåre Greve
rektor
Telefon:+47 91680978
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.